Bruk av sykkelhjelm kan utgjere ein stor forskjell i skadeomfanget dersom ei ulykke først skulle skje.

Ein sykkelhjelm beskyttar hovudet i eit ublidt møte med asfalten, og er ei billig livsforsikring på både korte og lange sykkelturar.

Tenk på dette når du vel sykkelhjelm

Det er ein del ting du bør passe på slik at du får den hjelmen som er best for deg.

Vel ein hjelm som

  • er godkjend (merka CE 1078)
  • sit godt utan mange justeringar av storleiken. Storleiken på hjelmen bør passe godt til hovudet. Det gir best vern ved ein eventuell støyt.
  • ventilerer godt og kjennest behageleg. God ventilasjon gjer at hjelmen ikkje blir så klam og varm. Det vil gi ei betre hjelmoppleving.
  • har skarp farge eller refleks slik at andre kan sjå deg i trafikken. Det er ikkje alltid like lett å sjå syklistar i trafikkbiletet. Dersom du vel skarpe fargar også på hjelmen, vil fleire bli merksame på deg som syklist.

Når du har ein sykkelhjelm som passar til hovudet ditt, er det også viktig å bruke han riktig slik at hjelmen gir deg det vernet han skal.

Bruk sykkelhjelmen riktig

  • Plasser hjelmen slik at han dekker både panna og bakhovudet. Mange skyv hjelmen bakover slik at panna er berr. Då vil ikkje hjelmen gi deg det vernet du treng. Dei fleste hovudskadane oppstår nemleg mot panna.
  • Fest alltid reima – ho er stram nok når du får ein finger mellom reima og haka. Er reima for laus, kan hjelmen forskyve seg i fallet og ikkje gi deg vern av den delen av hovudet der du treng det.
  • Kjøp ny hjelm dersom den gamle har fått ein kraftig støyt eller eit slag, og vær skeptisk til å overta ein brukt hjelm. Ein brukt hjelm kan ha fått usynlege skadar og bør kastast.
  • Bruk alltid hjelm når du er ute og syklar, også på korte turar.
Sist oppdatert: