Det er tekniske krav til utstyr som refleks, lys og bremsar på sykkelen din. For elsykkel er det i tillegg krav til effekten og verkemåten til motoren.

Ein sykkel er definert som eit køyretøy i trafikkreglane, og derfor blir det stilt ein del krav til utstyr sykkelen din må ha. Korleis eit køyretøy blir definert, har innverknad på kor du kan bruke det, og kva konsekvensar det får om du bryt reglane.

Krav til sykkel og elsykkel

Det blir stilt krav til utstyret på ein sykkel, både vanleg og elektrisk. Dersom krava til bremsar, refleks og lys ikkje er oppfylte, kan du bli bøtelagd. For ein elektrisk sykkel er det også krav til krafta og verkemåten til motoren.

Krav til bremsar

Sykkelen må ha minst to separate bremsar som verkar uavhengig av kvarandre. Den eine på framhjulet og den andre på bakhjulet. Dette er fordi han skal kunne stanse på ein sikker, hurtig og effektiv måte.

Krav til refleks

Det skal vere raud refleks bak på sykkelen, også kalla kattauge.

På begge sidene av pedalane, eventuelt på pedalarmane dersom det er klikkpedalar, skal det vere kvit eller gul refleks. Refleksen skal vere av godkjend type, det vil seie merka med CE eller E.

Krav til lys

Køyretøyet skal ha lykt med gult eller kvitt lys framme. Det kan også ha ei fleirfunksjonslykt som kan gi blinkande eller fast kvitt lys framme. Dette kan du bruke når du køyrer i skumring eller mørke.

Lykta framme på sykkelen skal gi tilstrekkeleg lys utan å verke blendande. Lyktene skal kunne sjåast tydeleg på ein avstand av 300 meter. Ei lykt som gir blinkande lys, skal blinke med minst 120 blink per minutt.

Bak skal du ha lykt med raudt eller raudt blinkande lys. Lyktene skal vere festa til sykkelen.

Andre krav

Du skal ha ringeklokke på sykkelen. Du kan også ha god bruk for speglar på sykkelen i trafikken. Speglar kan blant anna hjelpe deg til å unngå farlege situasjonar med trafikken bak.

Tekniske krav til elsykkelen sin motor og verkemåte

For at den elektriske sykkelen skal vere definert som ein sykkel, må han oppfylle visse krav til korleis motoren verkar og kor sterk motoren er.

Motoren skal berre gi kraft når du tråkkar på pedalane eller bruker veivanordning for armar, og han skal koblast ut når du oppnår ein fart på 25 km/t, eller når du sluttar å trå.

Motoren aleine kan gi sykkelen framdrift opp til 6 km/t. Dette blir kalla oppstartsassistanse. Hjelpemotoren på elsykkelen må ikkje ha høgare nominell effekt enn 0,25 kW. Det finst tre unntak frå denne regelen:

  • Ein sykkel med to sitteplassar som er tildelte eller utlånte som hjelpemiddel frå Arbeids- og velferdsetaten, kan ha nominell effekt på høgst 0,5 kW.
  • Ein sykkel med tre hjul og tre eller fleire sitteplassar kan ha nominell effekt på 0,5 kW. Dette følgjer ikkje av forskrifta, men av eit generelt vedtak treft av Statens vegvesen.
  • Ein sykkel som blir nytta av Forsvaret, Sivilforsvaret, brannvesenet, politiet eller akuttmedisinske tenester kan ha ein motoreffekt på inntil 1 kW. Dette følgjer ikkje av forskrifta, men av eit generelt vedtak treft av Statens vegvesen.

Dersom køyretøyet er utstyrt med ein hjelpemotor med høgare nominell motoreffekt enn 0,25 kW og har framdrift berre ved motorkraft også over 6 km/t, eller det er innretta slik at hjelpemotoren gir kraft også ved fart over 25 km/t, er det etter lova klassifisert som ein moped.

For eit køyretøy som er klassifisert som moped, gjeld eigne reglar for sikkerheit og bruk, for eksempel krav om førarkort og hjelm. Brot på desse reglane kan føre til inndraging av førarkort, bot eller fengselsstraff. Skadar valda med uregistrerte køyretøy utan forsikring kan også få store økonomiske følgjer for føraren. 

Tegning av ein sykkel med det utstyret det er påbode å ha.
Utstyr som er påbodent å ha på sykkel. Illustrasjon: Trond Bredesen, Illustratørene