Kven kan køyre i kollektivfelta, sambruksfelta og tungtrafikkfelta?
Fleire køyretøy kan bruke kollektiv- og sambruksfeltet, men tilgangen kan vere avgrensa av underskilt. Her får du hjelp til å forstå reglane og skilta.
Skilt for kollektiv- og sambruksfelt
|
|
|
|
|
|
Reglar for kollektiv- og sambruksfelt
Bussar kan alltid bruke kollektivfeltet. Dersom skiltet også viser «Taxi», kan drosjer med taklykt køyre der.
Eit sambruksfelt kan brukast av køyretøy med minst så mange personar som står på skiltet. Til dømes betyr «2+» at bilen må ha minst to personar om bord. I tillegg kan feltet brukast av buss og drosje med taklykt.
Andre køyretøy som kan bruke kollektiv- og sambruksfelt:
- elbilar og andre elektriske og hydrogendrivne køyretøy
- minibussar med løyve for persontransport
- minibussar med plass til 16 personar, dersom dei har minst sju passasjerar i tillegg til sjåføren
- motorsykkel med to hjul utan sidevogn (ikkje tre eller fire hjul)
- moped med to hjul (ikkje tre eller fire hjul)
- sykkel og elsykkel
- elsparkesykkel og andre små elektriske motorvogner
- uniformert utrykkingskøyretøy
Unntak på motorveg og motortrafikkveg
Syklistar, mopedar og køyretøy som ikkje kan køyre over 40 km/t har ikkje lov til å bruke motorveg eller motortrafikkveg. Derfor kan dei heller ikkje bruke kollektivfeltet her.
Underskilt kan avgrense tilgangen til kollektivfelt
Underskilt kan vise at visse køyretøygrupper ikkje har lov til å bruke kollektivfeltet heile eller delar av døgnet. Dei kan også gi andre vilkår, til dømes at du må ha med deg minst éin passasjer for å køyre i feltet.
Underskiltet «Gjelder ikke elmotorvogn»
Hovudregelen er at elbilar kan køyre i kollektivfelt, men det finst unntak. Dersom det står «Gjelder ikke elmotorvogn» på underskiltet, betyr det at elektriske motorvogner ikkje har lov til å bruke feltet. Skiltet gjeld ikkje for tohjuls motorsyklar, mopedar, syklar, elsparkesyklar og andre små elektriske motorvogner, eller uniformert utrykkingskøyretøy.
Tidsavgrensa skilt
Dersom underskiltet hadde vore «Gjelder ikke elmotorvogn man–fre», kunne ikkje elbilar brukt kollektivfeltet mandag til fredag – heller ikkje på helligdagar. Då er det berre lov å køyre i feltet laurdag og søndag (frå laurdag kl. 00.00 til søndag kl. 23.59).
Tungtrafikkfelt med underskilt
Tungtrafikkfelt er for motorvogner med tillaten totalvekt høgare enn oppgitt på skiltet. I tillegg kan uniformerte utrykkingskøyretøy køyre her.
Dersom tungtrafikkskiltet til dømes har underskilt med teksten «Tillatt for taxi» betyr dette at også taxier har tilgang til feltet.