Ein sykkel er eit køyretøy. Når du syklar, skal du derfor følgje trafikkreglane som gjeld for køyrande.

Du har lov til å sykle på fortau, i køyrebanen, på sykkelveg, gang- og sykkelveg og i sykkelfelt. Reglane varierer etter kvar du syklar. Følg alltid skilt og oppmerking. Det kan vere lokale forbod eller særskilde reglar.

Sykle i køyrebanen

Du kan sykle i køyrebanen saman med biltrafikk. Då skal du følgje trafikkreglane for køyrande. Dette betyr mellom anna at du

  • har vikeplikt for trafikk frå høgre side, dersom du ikkje er på forkøyrsveg
  • har vikeplikt for gåande som kryssar gangfelt
  • skal stoppe for raudt lys
  • skal gi teikn når du svingar
  • skal følgje fartsgrensa

Plasser deg slik at andre kan sjå deg, og slik at du har plass til å handtere hol, grus, parkerte bilar og andre hindringar. Du kan sykle på høgre vegskulder når det er mogleg og trygt. 

Sykle på fortau og gangveg

Du kan sykle på fortau og gangveg når du ikkje er til hinder eller fare for gåande. Når du passerer gåande, skal du halde god avstand, sykle i tilnærma gangfart og ikkje fortare enn 6 km/t. Er det mange folk på fortauet, må du gå av og trille sykkelen. 

Sykle i kollektivfelt

Du kan sykle i kollektivfelt. For å redusere risikoen tilrår vi at du

•    passerer bussen ekstra forsiktig, sidan bussen har store blindsoner 
•    er førebudd på at bussen kan køyre inn eller ut frå ein haldeplass.
•    ser etter passasjerar som skal til eller frå bussen.

Sykle på gang- og sykkelveg

På ein gang- og sykkelveg deler du plassen med gåande. Når du syklar der, bør du:

•    halde til høgre
•    vere førebudd på at gåande kan bruke begge sider
•    senke farten når du nærmar deg gåande
•    halde god avstand når du passerer
•    bruke ringjeklokka for å varsle ved behov

Sykle på sykkelveg

Ein sykkelveg er ein eigen veg for syklistar. Han kan vere tilrettelagd for sykling i begge retningar eller vere einvegsregulert. Følg skilt og oppmerking som viser kva retning du skal sykle.

Når du syklar på sykkelveg, skal du halde til høgre og tilpasse farten etter sikt- og trafikkforholda. Ver særleg merksam ved kryss, innkøyrslar og avkøyringar.

Sykle i sykkelfelt

Eit sykkelfelt er ein del av køyrebanen og har både skilt og oppmerking. Når du syklar i eit sykkelfelt:

•    skal du bruke sykkelfeltet på høgre side av vegen
•    skal du sykle i same retning som trafikken ved sida av deg
•    må du følgje eit eige trafikklys for syklistar når dette gjeld for feltet
•    har du vikeplikt for trafikken i feltet du skal inn i dersom du forlèt sykkelfeltet

Det er ikkje tillate å sykle mot køyreretninga i eit sykkelfelt. Det er heller ikkje lov til å parkere eller stanse i sykkelfeltet.

Her kan du ikkje sykle

Du kan ikkje sykle på motorveg, eller stader der eit skilt viser at sykling er forbode. Sykling er også forbode på enkelte bruer og i nokre tunnelar.

Er det lov å sykle over gangfelt?

Det er lov å sykle over gangfelt så lenge du tar omsyn til gåande. Når du syklar over gangfeltet, blir du ikkje rekna som gåande, og andre køyrande vil ikkje ha vikeplikt for deg. 

Forbikøyring eller passering på sykkel

Du skal som hovudregel køyre forbi på venstre side. Når du syklar, kan du likevel passere bilar og andre køyretøy på høgre side, til dømes når trafikken står stille eller bevegar seg sakte. Andre syklistar og elsparkesyklar skal du passere på venstre side.

Sykling i einvegskøyrde gater

Einvegskøyring gjeld også for syklistar. Du kan berre sykle mot køyreretninga dersom eit underskilt viser at syklistar er unnateke. Om du syklar mot biltrafikken i ei gate der dette er tillate, bør du

•    vere merksam på bilar frå sidevegar og avkøyringar
•    tilpasse farten
•    plassere deg synleg
•    vere førebudd på at andre kan oversjå sykkeltrafikk frå retninga di

Syklar du på fortauet, gjeld ikkje einvegsreguleringa. Følg då reglane for sykling på fortau. 
Einvegsregulering er vanlegvis vist med skiltet «innkøyring forbode» i den enden det er forbode å køyre inn, og med skiltet «einvegskøyring» i den enden det er tillate å køyre inn. 

Passasjer på sykkel eller i sykkeltilhengjar

Det er tillate med passasjerar på sykkelen, men det er avgrensingar både når det gjeld
 alder og tal.

På sjølve sykkelen kan du ha med opptil to barn under seks år, eller eitt barn under ti år. Bruker du sykkeltilhengjar i tillegg, kan du berre ha med eitt barn under ti år på
sjølve sykkelen.

I ein sykkeltilhengjar kan du ha med opptil to barn under seks år, eller éin passasjer, uansett alder. Har du berre eitt barn i sykkeltilhengjaren, er det inga aldersgrense.

Den samla vekta av barn, passasjerar og bagasje må ikkje overstige den maksimale nyttelasta til tilhengjaren – sjå opplysningane frå produsenten av tilhengjaren.

Bot (forenkla førelegg)

Du kan bli bøtelagd med eit forenkla førelegg når du bryt trafikkreglane. Dersom lovbrotet er alvorleg, kan du bli meld til politiet. Bøtelegging og melding til politiet skjer oftast i samband med særleg farleg åtferd.