Du kan bruke elsparkesyklar alle stader der det er lov til å sykle. Om du har vikeplikt, kjem an på kvar du køyrer.

På desse sidene omtalar vi berre elsparkesyklar, men reglane gjeld for alle køyretøy som kan definerast som små elektriske motorvogner. Døme på små elektriske motorvogner er elsparkesykkel, ståhjuling og elektriske skateboard. Elsykkel og vanleg sykkel blir ikkje rekna som små elektriske motorvogner.

​Vikeplikt vil seie at du skal vike eller stanse til trafikk som kryssar køyreretninga di, har passert. Er du usikker på om du har vikeplikt, er det tryggaste å bremse eller stanse heilt.

Når du køyrer i køyrebanen eller i sykkelfeltet

Køyrer du i køyrebanen eller i sykkelfeltet, skal du følgje vikepliktsreglane for køyrande. Det vil seie at du har vikeplikt

  • for køyrande som kjem frå høgre (høgreregelen)
  • for alle køyrande på ein forkøyrsregulert veg du skal inn på (skilta vikeplikt) 
Vikepliktskilt.
Vikepliktskilt. Illustrasjon: Statens vegvesen
  • for motgåande køyretøy på den høgre sida av deg når du skal svinge til venstre
  • for gåande i gangfelt

Er du i tvil om bilføraren har sett deg og kjem til å stoppe? Senk farten og ver førebudd

Når du køyrer på sykkelveg, gang- og sykkelveg eller fortau

Når du køyrer på sykkelveg, gang- og sykkelveg eller fortau, skal du følgje vikepliktsreglane for køyrande. Det vil seie at du har vikeplikt for all trafikk dersom du skal krysse vegen eller skal svinge inn på ein annan veg.

Andre vikepliktsreglar når du køyrer på sykkelveg, gang- og sykkelveg eller fortau

Du har ikkje vikeplikt for dei som kjem køyrande til eller frå ei inn- eller utkøyrsle.

Dersom du går av køyretøyet og trillar det over gangfeltet, har bilane vikeplikt for deg. 

Andre vikepliktsreglar

Trafikklys

Når du møter eit trafikklys i kryss, må du følgje trafikklyssignalet som gjeld for det feltet du er i. Er trafikklyssignalet ute av drift (gult blink eller ikkje lyssignal), gjeld eventuelt vikepliktskilt eller høgreregelen.

Skifte køyrefelt

Du har vikeplikt for køyrande som er i feltet du vil køyre inn i eller må krysse. Du har også vikeplikt når du skal inn på vegen frå vegkanten eller vegskuldra.

Køyre i rundkøyring

Dersom du køyrer inn i ei rundkøyring, har du vikeplikt for trafikken som er i rundkøyringa. Dersom du skal skifte felt inne i rundkøyringa, har du vikeplikt for køyretøy som ligg i feltet du vil inn i.

Køyre forbi eller passere

Du skal som hovudregel køyre forbi til venstre. Når du køyrer elsparkesykkel kan du køyre forbi eit anna køyretøy – men ikkje ein syklist eller ein annan elsparkesykkel – på høgre side. Det kan vere aktuelt å køyre forbi stilleståande eller saktekøyrande kø på høgre side.

Sist oppdatert:

Trygg på elsparkesykkel