På Seljestad står det nye reinseanlegget klart. Det skal hindre at stein, grus og nitrogen frå den nye Røldalstunnelen forureinar elva som går langs E134.

Bilde av to personer frå Statens vegvesen og ein frå metrostav som står ved reinseanlegget og snakkar saman.
Prosjektgruppa frå Vegvesenet på synfaring på det nye reinseanlegget på Seljestad. Foto: Karoline Rage

Køyrer du oppover Oddadalen på riksveg 13, passerer du den majestetiske Låtefossen, trolske fjellformasjonar og skjøn natur. Strekninga er prega av mykje turisme og nasjonalromanse kvar enn du rettar blikket. Vatnet frå fossen er ein del av Opovassdraget, som samlar vatn frå fjelldalar som Seljestad og Røldalsfjellet. Vassdraget er verna mot utbygging og er kjent som eit prakteksemplar på vestlandsnatur.

– Når vi bygger veg har vi eit ansvar for korleis arbeidet går føre seg. Målet med utbyggingsprosjekta er å sørge for at folk og varer kjem seg frå der dei er til dit dei skal, på same tid som naturen og skal leve vidare når vegen står ferdig, seier prosjektleiar Frode Lykkebø.

Når den nye tunnelen og vegane er på plass, blir dei deponerte tunnelmassane dekte til. Litt etter litt tek naturen tilbake området.

– Då skal han leve vidare og ta tilbake plassen som vi har lånt, utan merkbare endringar i det biologiske systemet, seier Lykkebø.

Nitrogen kan skape utfordringar for økosystemet

Med bygginga av Røldalstunnelen er eit større område på Seljestad sett av som deponi for stein og grus som blir henta ut frå fjellet. Desse massane er forureina med nitrogen frå sprengstoffet som blir brukt i salvene. Når det regnar og snør, tek vatnet med seg nitrogenet vidare til dei større vassystema. Der endrar nitrogenet den økologiske balansen og gir grobotn for algar og planter som bruker opp oksygenet til fisk og vasslevande insekt.

– Nitrogenet frå massane kan teoretisk sett påverke den økologiske balansen i elva dersom store mengder siv ut i elva. Difor er det viktig at vi finn ei god løysing på korleis vi kan sørge for at overvatn frå deponiet ikkje tek med seg nitrogenet ut i elva som går langs prosjektet, forklarer miljørådgjevar Arne-Richard Stadaas.

Bjørkeflis og skjelsand skal sørgje for vidare liv

I arbeidet med tunnelen til vegprosjektet E16 Bjørum-Skaret, ved Sollihøgda, forska Statens vegvesen og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på korleis biofilter av bjørkeflis og skjelsand kan hindra at avrenningsvatn frå sprengstein forureinar vassdrag med nitrogen. Anlegget var det første av sitt slag og gav gode resultat på målingane. No har E134 Røldal-Seljestad skalert metoden opp i omfang for vidare forsking.

– Saman med NIBIO vil vi finne ut korleis vassmengd, temperatur, opphaldstid, mengd skjelsand og type flis påverkar bindinga av nitrogenet. Anlegget skal både reinske vatnet for partiklar og steinstøv og binde nitrogenet til biofilteret, forklarar Stadaas.

Noregs største nitrogenreinseanlegg

Reinseanlegget ligg på nedsida av deponiet ved inngangen til dagens Røldalstunnel på Seljestad. Reinseanlegget er 120 meter langt og 30 meter breitt, er dimensjonert for å kunne handtere all vatn som fell på deponiet som både snø og vatn. Reint vatn frå fjella rundt er leidd bort i grøfter, slik at det ikkje blandar seg med det forureina vatnet. Apparatur i kummane for innlaup og utlaup måler miljøparametrar som mellom anna partiklar, pH og næringsstoff, slik at ein kan kontrollere at vatnet som renn ut er reint.

– Om reinseanlegg med biofilter av bjørkeflis og skjelsand blir den nye gullstandarden blir spanande å sjå. Men først skal det forskast på korleis det fungerer i eit såpass stort format, forklarar Stadaas.

Reinseanlegget som no er bygga på Seljestad er ein ressurskrevjande løysing. Dermed vil målingane framover ha mykje å sei for om Statens vegvesen skal nytte metoden òg i framtida.

– Vi må på målingane kunne sjå ein høg reinsegrad over mange år. Førebels så syner målingane våre at me klarer å fjerne kring 70% av nitrogenet som kjem ut med tunnelsteinen. Dermed blir det spanande å sjå korleis verdiane utviklar seg. Målet er å finne ein naturleg og effektiv måte å redusere nitrogenet og det totale miljøavtrykket frå anleggsarbeidet på, seier Stadaas.

Etter at anleggsarbeidet er ferdig, blir reinseanlegget ståande i to år før det blir sanert.

– Deponiområdet skal formast som landskapet rundt, slik at når naturen etter kvart vekst til, vil ikkje området lenger bere preg av å ha vore eit anleggsområde, forklarar Lykkebø.