Regjeringa lovar 300 millionar kroner i neste års statsbudsjett til Fellesprosjektet Arna – Stanghelle (FAS).

Bildet viser Statsministeren, politikere og journalister samlet i et rom, hvor det ble lovet penger til fellesprosjektet Arna–Stanghelle
Nyheten om 300 millioner kroner til fellesprosjektet Arna–Stanghelle ble godt tatt imot av lokale og regionale krefter. Foto: Statens vegvesen

Søndag 3.septemeber kalla statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum inn til pressekonferanse på prosjektriggen til Bane NOR i Arna. Her annonserte regjeringa – til stor glede for lokale og regionale krefter – at prosjektet får 300 millionar kroner til vidare førebuande arbeid.

Vestlandet sin store hjartesak

Det er stort engasjement og merksemd kring prosjektet, og det er ingen tvil om at det er eit sterkt ynske om å få prosjektet realisert. Og det er ikkje utan grunn. Veg og bane er ofte stengd på grunn av ras eller ulykker. Ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle gir ein raskare, tryggare og meir føreseieleg framkomst på E16 og Bergensbanen mellom Arna og Stanghelle.

Både statsministeren og finansministeren var tydelege på at dei ynskjer ei forsett stø kurs og framdrift i det vidare arbeidet, slik at prosjektet kan bli realisert.

Vind i seglet inn i KS2-prosessen

Med ein godkjend reguleringsplan, ein snart fullført KS2 – prosess (ekstern kvalitetssikring), og no 300 millionar i neste års budsjett, kan arbeidet halde god framdrift vidare. Byggestart kan skje alt i 2024.

– No ventar me berre på resultatet frå KS2-prosessen, så med dei løyvingane me no får, kan me halde solid fart vidare, seier Katrine Sælensminde Erstad, prosjektsjef.

Også Bane NOR-kollega og assisterande prosjektsjef, Anne Laskemoen Herdlevær, er godt fornøgd med nyheita som kom søndag.

– Det er stort engasjement lokalt og regionalt, og då er det godt med slike nyheiter. Me var heilt avhengig av  midlar for å halde fram med dei førebuande arbeida, seier Laskemoen Herdlevær.

Aktuelt for fylke: Vestland