Over 300 personar deltok på folkemøta. Her finn du lenker til presentasjonane.

Prosjektet har merka eit sterkt engasjement og det set vi stor pris på! Presentasjonane frå folkemøta ligg på sida vår for naboinformasjon

Bildet som viser fullsatt sal under folkemøte på Trengereid.
Dei fire folkemøta var godt besøkte. Her frå møtet på Trengereid. Foto: Askild Stordal

Spørsmål om lokale forhold, for eksempel parkering under anleggsperioden eller val av trafikale løysningar, kan sendast inn via prosjektets meldingsteneste. Her finner du ofte stilte spørsmål for ditt område, og det er enkelt å ta kontakt viss du ikkje finn svaret du treng. Prosjektet ønsker å være tilgjengeleg og imøtekommande, og oppfordrar alle til å ta kontakt – enten via meldingstenesta,  e-post eller telefon.

Nokre tema er aktuelle for fleire områder, og desse vil prosjektet greie meir ut om på nettsidene etter kvart.  Det gjeld mellom anna spørsmål om deponia i Sørfjorden, påverking på trafikk på E16, og tiltak mot støy og støv. Prosjektet si nettside vert oppdatert jamnleg med informasjon om disse tema slik at alle som er interesserte kan halde seg informert.

Sjå bilete og video frå prosjektet

For dei som ynskjer å sjå meir frå prosjektet, ligg illustrerande videoar og bilete her

I kartforteljina vår kan  du "reise" rundt langs traseen og få eit nært innblikk i arbeidet og områda som vi skal arbeide i.

Fellesprosjektet Arna–Stanghelle set pris på engasjementet frå lokalbefolkninga og ser fram til å fortsetje dialogen i tida som kjem.

Aktuelt for fylke: Vestland