Skuleelevar fekk teste blindsoner på nært hald
I samband med at Fellesprosjektet Arna–Stanghelle har starta massetransport fekk elevane på Dale besøk av ein lastebil for å lære om blindsoner.
Lastebilane fraktar matjord frå Dalehagen ved E16 til Geitabakken på Dale. Arbeidet er eit ledd i førebuingane til bygginga av det store tunnelprosjektet mellom Arna og Stanghelle.
Delar av vegen til Geitabakken er òg i bruk som veg til allaktivitetshuset Turbinen der Dale skule har gymtimar for fleire klassetrinn. Nokre elevar har i tillegg dette som skuleveg eller brukar området på fritida. Opplæringa i skulegarden handla derfor om kva ein må vere merksam på i nærleiken av lastebiltrafikk.
Blindsoner i praksis
Undervisningsinspektør Ståle Hesjedal snakka med elevane om alle blindsonene ein lastebil har, og etterpå fekk dei sjølv oppleve å sitte bak rattet og sjå etter klassekameratane som stod omkring bilen. Fleire av lærarane testa også førarsetet i den store heil-elektriske doninga.
Dei ivrigaste elevane hadde òg ei rekke detaljspørsmål om lastebilen, og fleire erklærte at dei skal bli lastebilsjåførar når dei blir vaksne.
Vidare arbeid på Dale og Dalehagen
Når gravinga på Dalehagen er ferdig, skal området der etter kvart bli deponi for steinmassar frå anleggstunnelane som skal byggast i prosjektet.
Totalt er det om lag 7350 kubikkmeter matjord som skal transporterast til Geitabakken på Dale og bli til nye dyrkingsareal der.
Arbeidet på Dalehagen starta i mai og er planlagt ferdig til oktober.