Artikkelen er frå 2017, og innhaldet kan vere utdatert.

Samferdsledepartementet og Klima- og miljødepartementet har no kome med sine tilrådingar i motsegnssaken om E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita på Stord.

Etter at Miljødirektoratet og Vegdirektoratet gav si tilråding i motsegnssaka for E39 Heiane – Ådland, var neste steg i prosessen at dei respektive fagdepartementa skulle gjere si eiga vurdering.

Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet har kome til same konklusjon som Miljødirektoratet og tilrår alternativ 2. I sin konklusjon nemner departementet blant anna at alternativ 2 « gir mindre negative effektar på lokalitetar med fattig boreonemoral regnskog». Vidare vurderer dei at «friluftslivsinteressene ikkje nødvendigvis kjem dårlegare ut i alternativ 2 enn i alternativ 5, og i alle fall blir ivareteke i tilstrekkeleg grad», og at «eventuelle moglege mindre negative effektar for friluftslivet ved alternativ 5 ikkje kan forsvarast ved å bruke ytterlegare 300 millionar».

Samferdsledepartementet

Samferdsledepartementet på si side har ikkje landa på same konklusjon som Vegdirektoratet. I staden rår dei til å velje alternativ 4. Dei er samde med Vegdirektoratet i at «kostnadane ved alternativ 5 er for store», men tilrår alternativ 4 då dette er «det rimelegaste av dei aktuelle alternativa», og at det «gir ei rettare linjeføring enn alternativ 2».

Du kan laste ned tilrådingane frå departementa i menyen til høgre.

Aktuelt for fylke: Vestland