For deg som bruker vegvesen.no i jobb
Vi vil gjerne høyre frå dykk som bruker vegvesen.no i jobbsamanheng, slik at vi kan forbetre nettsidene. Svar på denne korte spørjeundersøkinga (3 minutt, Questback – blir opna i ny fane).
Bakgrunn
Ideen om å krysse Boknafjorden og Kvitsøyfjorden med ein undersjøisk tunnel kom opp midt på 1980-talet. Etter modning i nokre år vart det rundt årtusensskiftet utarbeida ei konsekvensutgreiing som vart godkjent i 2003.
Ein lang undersjøisk tunnel frå Randaberg til Bokn med arm til Kvitsøy vart vald som ei framtidig løysing for kryssing av Boknafjorden og Kvitsøyfjorden. På grunnlag av godkjent KU vart det utarbeida ein fylkesdelplan som vart godkjent av Miljøverndepartementet i 2004.