E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os) er eit av delprosjekta under E39 Stavanger–Bergen. Strekninga skal gjennom ei stor oppgradering og bli ferjefri.

E39 er ein viktig stamveg langs kysten i Noreg, frå Trondheim til Kristiansand - og vidare ut i Europa. Strekninga er om lag 1.100 km lang, og går innom Molde, Ålesund, Bergen og Stavanger. I dag er reisetida på om lag 21 timer med heile sju ferjesamband og varierande vegstandard.

I Nasjonal transportplan (NTP) for 2018-2029 vedtok Stortinget eit langsiktig mål om ein utbetra og ferjefri E39 som gjer strekninga kortare og reduserer reisetida.

Målet for strekninga er å knytte saman store næringslivsregionar og bu- og arbeidsmarknader, og gje betre føresetnad for å utvikle Norges største eksportregion til stor nytte for samfunnet.

Ny E39 mellom Ådland på Stord og Svegatjørn på Os vert planlagt som ein ferjefri, firefelts motorveg med ei fartsgrense på 100 km/t. E39 Ådland-Svegatjørn vil redusere reisetida frå dagens 90 minutt ned mot 30 minutt.

Planarbeidet for korleis den framtidige europavegen skal bli på denne strekninga, med blant anna bruer over Bjørnefjorden og Langenuen, vart starta med ei konseptvalutgreiing (KVU) for strekninga Aksdal-Bergen i 2010.

På bakgrunn av denne utgreiinga avgjorde regjeringa i desember 2013 å gå vidare med statleg kommunedelplan for strekninga Stord–Os, midtre linje, med bru over Bjørnafjorden.

Kommunedelplanen vart vedteken av Kommunal- og moderniseringsdepartementet den 5. september 2019, og det vart i vedtaket lagt føringar for det vidare arbeidet med reguleringsplan. Langenuen skal kryssast i sør med bru mellom Jektevik og Hodnanes, dette var i samsvar med lokale- og regionale ynskje.

Hausten 2019 avgjorde Kommunal- og moderniseringsdepartementet at reguleringsplan for strekninga Ådland–Svegatjørn (Stord-Os) skal utarbeidast som statleg plan, med Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) som planmynde. Kommunane er høyringsinstansar.

Samfunnnsmål for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os)

  • For strekninga E39  Ådland-Svegatjørn er samfunnsmålet å knyte Haugalandet og Sunnhordland nærare Midthordland i 2040, samt knyte Stavanger og Bergensområdet nærare saman i 2040.

Effektmål for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os)

  • Redusert reisetid mellom Ådland i Stord og Svegatjørn i Bjørnafjorden kommune frå 1 ½ time til ½ time.
  • Betre mobilitet mellom dei involverte kommunane ved at ferjesambanda blir erstatta med faste samband.
  • Ingen møteulukker og lågare ulukkesfrekvens; tofelts vegar blir erstatta med firefelts veg med midtdelar.