No kan du sende inn merknader til framlegg til reguleringsplan for ny E39 mellom Stord og Os. Sjå kart og gi merknadene dine ved å klikke her.
Filmar av E39 Stord-Os
Her finn du nokre av videoane som er laga i samband med planlegginga av ny E39 mellom Stord og Os, kjent som Hordfast og E39 Ådland-Svegatjørn.
Presentasjon av den 55 km lange traséen
Fly over heile traséen frå Stord i sør til Os i nord og sjå korleis Statens vegvesen føreslår ny veg som vil spare rundt ein time i reisetid.
Statens vegvesen - E39 Ådland-Svegatjørn reguleringsplan alternativ C3-D1
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
Videoen viser Statens vegvesen sitt forslag til 55 km ny E39 mellom Stord og Os.
Video: Statens vegvesen.
Kryssløysningar
Kryssløysning Agdestein på Stord
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
På Stord gir nytt toplanskryss på Agdestein kopling mot eksisterande E39 og sikrar at trafikk frå og til Fitjar kjem raskt av og på den nye europavegen. Gang- og sykkelveg og kollektivhaldeplassar ved toplanskrysset gjev trafikksikker kryssing over den nye vegen. Løysninga gir òg tilkomst til busetnaden på Hetlesæter og til friluftsområde på vestsida av vegen.
Her er det òg sett av areal til ein eventuell framtidig kontrollplass for køyretøy.
Video: Statens vegvesen.
Føreslått kryss på Økland
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
Ved Økland gir toplanskrysset kopling mot fv. 549, Langenuenvegen. Nord for krysset fungerer kulvert under E39 som kombinert vilt-, landbruks- og friluftslivkryssing. Dette gir tilkomst til utmarksområda aust for den nye vegen. Frå krysset og nordover er E39 lagt i god avstand til fylkesvegen og busetnaden på Økland og Flatråker.
Video: Statens vegvesen.
Føreslått kryssløysing på Søreid
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
Det mest sentrale kysset for Tysnes vil ligge på Søreid. Her vil det bli bygd ny fylkesveg med separat gang/og sykkelveg ned til dagens veg som gir god tilkopling mot eksisterande veg nordover mot Uggdal/Våge og sørover mot Flatråker/Hodnanes. Ved krysset er det regulert kollektivknutepunkt, parkeringsplassar og plass til andre framtidige tiltak.
Video: Statens vegvesen.
Føreslått kryssløysing Gjøvåg
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
Nord på Rekstern er det planlagt kryss ved Gjøvåg. Krysset gir tilkomst for busetnaden på Reksteren og fv. 5086, Gjøvågsvegen er lagt om og kopla til toplanskrysset i aust.
Gang- og sykkelveg, fortau og kollektivhaldeplassar ved toplanskrysset gjev trafikksikker kryssing over den nye vegen. Aust for toplanskrysset er det eit område for innfartsparkering som og kan nyttast for parkering for dei som skal gå tur i området.
Frå toplanskrysset på Gjøvåg er det regulert inn trasé og sett av areal til anleggsveg ned til sjøen i Håkrevika. Dette veg- og kaiområdet kan i framtida utviklast til eit mogleg ferjesamband til Austevoll, dersom ferjeeigar Vestland fylkeskommune ønskjer det.
Video: Statens vegvesen.
Føreslått kryssløysing på Kolskogen i Bjørnafjorden.
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
På Kolskogen i Os er det planlagt eit nytt kryss som skal tene Os. I 2022 opna ny E39 mellom Bergen og Os, som endar her på Svegatjørn. Ny E39 Stord–Os vil halde fram inn i ein 7,7 km lang tunnel som skjermar øyane i Os, før han kjem ut i dagen rett ved den 5 km lange Bjørnafjordbrua.
Dagens E39 er lagd om like nord for Mobergsbrua og kopla til toplanskrysset. Nord for Ulvenvatnet er det planlagt ny fylkesveg mellom toplanskrysset og Ulvenvegen. Ny gangbru bind saman skuleområdet og idrettsanlegga.
Planane er ein del av reguleringsplanen for ny E39 Ådland–Svegatjørn, òg kjend som Hordfast eller Stord–Os.
Video: Statens vegvesen.
Illustrasjonar av framtidig E39 mellom Stord og Os
Føreslått ny bru over Langenuen
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
Bru over Langenuen er planlagt som ei hengjebru med hovudspenn på ca 1,2 km og ei samla lenge på ca. 1,7 km. Brutårna blir om lag 200 meter høge og vil stå sør for Jektevik i Stord kommune og på Grovaneset nord for Hodnanes i Tysnes. Brua blir Noregs tredje lengste bru, og liknar på Hardangerbrua. Illustrasjonen viser alternativ C3 nordover på Tysnes.
Video: Statens vegvesen/COW.
Føreslått ny E39 mellom Stord og Os forbi Flatåkervatnet på Tysnes.
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
Videoen viser korleis ny E39 mellom Stord og Os er føreslått forbi Flatåkervatnet på Tysnes. Fylkesvegen er lagd i kulvert under ny E39. Tilkomst for bustadene ved Nordbustaddalen og gravplassen på Flatråker er sikra via ny køyreveg frå fv. 549. Sør for gravplassen er det planlagt ein lausmassevoll som skjermar mot vegtrafikkstøy.
Fyllinga i vatnet er utforma slik at den kan nyttast av turgåarar. Vassinntaket til akvakulturanlegget Flatråker, som ligg ved sjøen i Ølversvika, er flytta austover og det er tatt særlege omsyn til vassføringa ved utløpet av Flatråkervatnet.
Video: Statens vegvesen.
Bru over Bårdsundet på Tysnes.
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
Videoen viser planlagd bru over Bårdsundet på Tysnes. Planane er ein del av reguleringsplanen for ny E39 Ådland–Svegatjørn, òg kjend som Hordfast eller Stord–Os.
Video: Statens vegvesen.
Ny E39 Stord-Os ved Røtinga
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
Bjørnafjordbrua krysser frå Tysnes til Røtinga i Os. På Røtinga vil vegen kun ha ei kort dagsone før den går inn i ein 7,7 km lang tunnel under Søre Øyane heilt fram til Svegatjørn ved Osøyro. Gang- og sykkelvegen på brua fortset til venstre i bildet fram til INKA-bygget og inn på Røtingavegen. Tilkomsten til det viktige friluftsområdet på Røtinga vil bli betre. Grøne areal rundt vegen på bildet vil bli brukt til anleggsområde i byggeperioden, før det eventuelt kan utviklast til friluftsområde når vegen har opna.
Video: Statens vegvesen.
Framtidig reisetid
Framtidig reisetid mellom Bergen og Stavanger med ny E39
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
Filmen viser korleis reisetida mellom Bergen og Stavanger kan bli redusert frå over fire timar i dag til under to timar i framtida, dersom alle E39-prosjekta blir bygde.
Video: Statens vegvesen.
Eldre filmar frå prosjektet
Dette er E39 Stord-Os (Hordfast)
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
Ny E39 mellom Ådland på Stord og Svegatjørn i Bjørnafjorden skal gi ein enklare, tryggare og raskare reiseveg for trafikantar og næringsliv. Vegvesenet utarbeider statleg reguleringsplan
for strekninga og filmen er ein illustrasjon om korleis strekninga kan bli sjåande ut.
Versjon: Norsk/Tekstet
Video: Red Ant for Statens vegvesen 2023..
This is E39 Stord-Os (Hordfast)
Du må akseptera informasjonskapslar for marknadsføring for å sjå YouTube-innhald
E39 Stord-Os (Hordfast) is one of the most extensive road projects in Norway’s history, with its 55 km linking a large part of Western Norway in a new way.
Version: English/Texted
Video: Red Ant for Norwegian Public Roads Administration.