E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os)
Hvor?
- Fylker:
- Vestland
- Kommuner:
- Bjørnafjorden, Stord, Tysnes
Hva?
55 km firefelts ny E39 mellom Stord og Os som reduserer reisetida med ein time. Vegen skal erstatte minst tre ferjesamband, mellom anna Halhjem-Sandvikvåg. Vegen er planlagd med fem kryss, fem store bruer, sju tunnelar og ca. 30 km veg i dagen. Verdas lengste flytebru er planlagt over Bjørnafjorden.
Hvorfor?
E39 er hovudvegen på Vestlandet. E39 Stord-Os er eit av vegprosjekta i Noreg mest høgast samfunnsøkonomisk nytte. Reisa blir ferjefri og betydeleg kortare, som gir høg nytte for alle trafikantar og næringslivet. Stavanger, Haugesund, Sunhordland og Bergen blir ein felles bu- og arbeidsregion.
Kart
Framdrift
Det prosjektutløysande behovet i denne konseptvalutgreiinga var redusert reisetid for å utvikle landsdelen og knyte Stavanger- og Bergensområdet betre saman. Ferjefrie løysingar vart vurderte i tillegg til innkorta ferjestrekning med betra frekvens.
Samfunnsmålet som låg til grunn for utgreiinga var: “Haugalandet og Sunnhordland skal i 2040 vere tidsmessig knytt nærare saman med Midthordland. Stavanger‐ og Bergensområdet skal i 2040 vere tidsmessig knytt nærare saman.”
KVU-en for E39 Aksdal – Bergen vart lagd fram i juni 2011, og arbeidet vart avslutta med tilleggsutgreiing i februar 2013.
I brev datert 20.12.2013 bad Samferdsledepartementet Vegdirektoratet legge til rette for statleg planlegging på nivå med kommunedelplan for strekninga Stord – Os med bru over Bjørnafjorden mellom Tysnes og Os.
Samferdsledepartementet gav Statens vegvesen (brev datert 20.12.2013) oppdrag med vidare planlegging:
- "K4C Midtre linje skal legges til grunn for fremtidig E39 mellom Aksdal og Bergen. E39 skal krysse Bjørnafjorden med bru mellom Tysnes og Os.
- Prosjektet skal planlegges etter statlig plan etter plan og bygningsloven (pbl.) på det nivå der konkrete traser fastsettes, dvs. kommunedelplan. Det tas senere stilling til om det også er behov for statlig plan på neste plannivå (reguleringsplan).
- Det blir startet planlegging etter pbl i tråd med dette.
- Prosessen videre skal legge til rette for å redusere konflikt og uheldige virkninger for natur og kulturminner. Det legges til grunn en god dialog med lokale myndigheter."
Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtok 5. september 2019 den statlege kommunedelplanen for E39 Stord-Os med alternativ F (sørleg kryssing av Langenuen) som traseløysing.
Traséen som blir vedteke krysser Bjørnarfjorden mellom Røtinga og Reksteren. Traséen føl så vestre side av Reksteren og Tysnesøya ned til Søreid, før den går til Hodnanes og krysser Langenuen i sør med bru. På Stord fortset vegen ned til Ådland.
I konklusjonen knytt til vedtaket, gir Kommunal- og moderniseringsdepartementet føringar for det vidare arbeidet med reguleringsplanen. Dei skriv:
«Begrunnelsen for valget av alternativ F er at dette støttes av flertallet av kommunene og av fylkeskommunen, samtidig som forskjellene mellom alternativ B og F vurderes å være begrensede når det gjelder nasjonale interesser.
Det skal i arbeidet med reguleringsplan legges vekt på ytterligere å begrense inngrep i verdifull natur. Det vises også til retningslinjer til planen datert 10. februar 2019, hvor det er gitt føringer om dette, og til omtale av videre arbeid i planbeskrivelsen. Det forventes at Statens vegvesen samarbeider tett med Fylkesmannen i Hordaland for å identifisere tiltak som kan begrense negative miljøvirkninger av tiltaket.
Økologisk kompensasjon skal utredes og vurderes. Det legges til grunn at det blir gitt en bestilling fra Samferdselsdepartementet om et slikt arbeid.
Det planlegges ikke for senketunnel under Bårdsundet.»
I september 2023 fastsette Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) planprogrammet for reguleringsplanen.
Planprogrammet er "kokeboka" korleis Statens vegvesen skal planlegge strekninga.
Planprogrammet skal klargjera formålet med planarbeidet og avklare rammer og premisser for den vidare prosessen. Oversikt over kva tema og problemstillingar som bør løysast i planarbeidet, opplegg for informasjon og medverknad, og kva for alternativ som skal undersøkjast, skal gå fram av planprogrammet.
Når Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) fastset planprogrammet, godkjenner dei kva som skal ligge til grunn når den nye vegen skal planleggast.
Denne bestillinga er førande for heile planlegginga heilt fram til reguleringsplanen blir lagt ut på høyring.
I april 2025 sende Statens vegvesen forslag til statleg reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn, også kjent som Stord-Os eller Hordfast, til Samferdselsdepartementet (SD). SD sendte forslaget vidare til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) sommaren 2025.
Det er KDD som bestemmer om og når reguleringsplanen skal sendast på høyring og offentelg ettersyn. Statens vegvesen avventar tilbakemelding frå departementet om vegvesenet skal bistå med å sende planen ut på høyring.
Når planen blir lagt ut på høyring, vil det bli arrrangert folkemøte i kommunane Bjørnafjorden, Tysnes og Stord. Alle som har innspel til planen komme med sine merknader når planen blir lagt ut på høyring.
Det er KDD som bestemmer om og når reguleringsplanen skal sendast på høyring og offentelg ettersyn. Statens vegvesen avventar tilbakemelding frå departementet om vegvesenet skal bistå med å sende planen ut på høyring.
I april 2025 sende Statens vegvesen forslag til statleg reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn, også kjent som Stord-Os eller Hordfast, til Samferdselsdepartementet (SD). SD sendte forslaget vidare til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) sommaren 2025.
Etter forslag til reguleringsplan har vore på høyring, vil innkomne merknader bli handsama. Reguleringsplanen vert eventuelt oppdatert.
Det er Kommundal- og distriktsdepartementet som skal vedta reguleringsplanen for E39 Ådland-Svegatjørn, sidan det er ein statleg plan.
Alle statlege prosjekt over ein milliard kroner må gjennomføre ei ekstern kvalitetssikring, kalla KS2. Prosjektet må ha ein vedteken reguleringsplan for å få gjennomført KS2.
Stortinget må vedta finansering av prosjektet. Først då kan kontraktane lysast ut.
Det er uvisst når prosjektet kan få byggjestart. Stortinget må først vedta finansering.
Aktuelt
-
Forslag til reguleringsplan for E39 mellom Stord og Os er klar
— Statens vegvesen har sendt forslag til reguleringsplan til Samferdselsdepartementet. Forslaget til ny veg vil redusere reisetida med ein time.
-
Varsel om utviding av planområde ved Ulvenvatnet
— Vegvesenet har behov for å utvide planområdet i Bjørnafjorden for å få plass til å bygge ein anleggsveg sør for Ulvenvatnet. Vi ber no om innspel.
-
Bandlegging i vedteken kommunedelplan for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord–Os) er forlenga med fire år
— Sone for bandlegging i påvente av reguleringsplan som ligg inne i statleg kommunedelplan for E39 Ådland-Svegatjørn er forlenga til 5. september 2027.
Planer og dokumenter
Fakta og nøkkeltall
- Lengde:
- 55 kilometer
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2025–2036
Mer om prosjektet
E39 Ådland-Svegatjørn er eit viktig prosjekt på strekninga Stavanger-Bergen. Ny veg skal redusere reisetida frå dagens 90 minutt ned til 30 minutt.
Saman med andre planlagde og igangsette vegprosjekt mellom dei to byane vil reisetida gå frå dagens rundt 4,5 til under to timer ein gang i framtida.
Mellom Ådland på Stord og Svegatjørn på Os er det utarbeidd ein statleg reguleringsplan. I april 2025 leverte Statens vegvesen forslag til reguleringsplan.
Forslaget er sendt til Samferdselsdepartementet, som igjen vil sende det vidare til kommunal- og distriksdepartementet (KDD). KDD vil så eventuelt be Statens vegvesen sende reguleringsplanen på høyring.
Kontakt
Kontakter
Ellen Njøs Slinde
- E-post:
Geir Holen
- E-post: