E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os)
E39 Ådland-Svegatjørn er eit av de største samferdsleprosjekta i Norge.
Den nye vegen vert planlagt som ein ferjefri, firefelts motorveg med fartsgrense 100 km/t. Reisetida på ny E39 mellom Ådland-Svegatjørn (Stord-Os) blir ned mot 30 minutt. Dette arbeidet tek utgangspunkt i vedteken statleg kommunedelplan, med sørleg kryssing av Langenuen mellom Jektevik og Hodnanes.
Siste nytt:
- 09.04.2025 Forslag til reguleringsplan for E39 mellom Stord og Os er klar
- 08.07.2024 Varsel om utviding av planområdet ved Ulvenvatnet.
- 13.02.2024 Bandlegging i vedteken kommunedelplan for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os) er forlenga med fire år
- 05.02.2024 Foreslår ny fartsgrense for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os)
E39 Ådland-Svegatjørn er eit viktig prosjekt på strekninga frå Stavanger til Bergen. Prosjektet skal redusere reisetida frå dagens 90 minutt ned mot 30 minutt.
Mellom Ådland på Stord og Svegatjørn på Os er det utarbeidd ein statleg reguleringsplan. I april 2025 leverte Statens vegvesen forslag til reguleringsplan.
Forslaget er sendt til Samferdselsdepartementet, som igjen vil sende det vidare til kommunal- og distriksdepartementet (KDD). KDD vil så eventuelt be Statens vegvesen sende reguleringsplanen på høyring.
- Vei:
- E39
- Fase:
- Reguleringsplan
- Kommuner:
- Bjørnafjorden, Stord, Tysnes
- Fylker:
- Vestland
- Lengde:
- 55 kilometer
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2025–2036