Arbeidet med å få utarbeidd reguleringsplan for heile den 55 km lange strekninga mellom Ådland og Svegatjørn vart starta opp i 2020.

Milepelar for arbeidet med reguleringsplanarbeidet E39 Stord-Os (Hordfast) 

  • Reguleringsplan med tilleggsutgreiing er planlagt sendt til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) - våren 2022.
  • Reguleringsplan lagt ut til offentleg ettersyn (høyring) – avhengig av vedtak frå KDD),men vert mest truleg hausten/vinteren 2022/2023,
  • Planvedtak frå Kommunal- og distriktsdepartementet – hausten 2023.

Prosjektet skal deretter gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS2), før Stortinget kan gjere endeleg gjennomføringsvedtak og kontraktar med entreprenørar som skal bygge anlegget kan signerast. Slik det ser ut no, vil det tidlegast kunne bli anleggsstart på deler av anlegget  i 2025/2026.

Statens vegvesen reknar med ei byggetid frå konktraktar er signert på omlag sju år.