Arve Tjønn Rinde
- E-post:
E39 Stord-Os (Hordfast) er eit av de største samferdsleprosjekta i Norge. Prosjektet ligg inne i Nasjonal Transportplan 2022-2033.
Arbeid med statleg reguleringsplan pågår, og prosjektet ligg inne med forventa byggestart i slutten av første periode av Nasjonal Transportplan (NTP) 2022–2027. Det pågår og teknisk utgreiingsarbeid for bruene over Bjørnafjorden og Langenuen.
Ny E39 mellom Ådland på Stord og Svegatjørn på Os, skal gi ein enklare, tryggare og raskare reiseveg for trafikantar og næringsliv.
Den nye vegen vert planlagt som ein ferjefri, firefelts motorveg med ei fartsgrense på 110 km/t. Reisetida på strekninga vil bli redusert frå 90 til 30 minuttar.
Siste nytt:
Prosjektet er eit av delprosjekta under E39 Stavanger-Bergen som er ein del av Ferjefri E39.
Mellom Ådland på Stord og Svegatjørn på Os, vert det no utarbeidd ein statleg reguleringsplan. Dette arbeidet tek utgangspunkt i vedteken statleg kommunedelplan, med sørleg kryssing av Langenuen mellom Jektevik og Hodnanes. Reguleringsplanen skal på høyring hausten 2022.
Med utbetra og ferjefri veg vil reisetida på denne strekninga gå frå 90 minutt til 30 minutt.
Formelt prosjektnavn i Nasjonal Transportplan (NTP): E39 Ådland-Svegatjørn (Hordfast)
Statens vegvesen har utarbeidet et interaktivt kart som gir oversikt over varslingsområde, og viktige tema som naturmangfald, kulturminne, landskapsverdiar, naturressursar og nærmiljø.
Interaktive kartet (ArcGIS)