Vil lågare fart få konsekvensar for målet om vesentleg redusert reisetid mellom Bergen og Stavanger?

Statens vegvesen skal levere forslag til reguleringsplan sommaren 2024 der utgreiing om fartsgrense på den 55 kilometer lange strekninga inngår. Når reguleringsplanen vert sendt til politisk handsaming i Kommunal- og distriktsdepartementet over sommaren kjem Statens vegvesen til tilrå at vegen vert bygd som firefelts veg med fartsgrense 100 km/t.

Orrtofoto av Ny E39 Stord-Os vert planlagd som firefelts veg med fartsgrense 100 km/t. Strekninga som er under planlegging er 55 km lang og går frå Ådland på Stord til Svegatjørn på Os.
Ny E39 Stord-Os vert planlagd som firefelts veg med fartsgrense 100 km/t. Strekninga som er under planlegging er 55 km lang og går frå Ådland på Stord til Svegatjørn på Os. Illustrasjon: Statens vegvesen/COWI

Ei god løysing

Vegvesenet har det siste halvåret vurdert kva vegstandard som er best for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os) både med tanke på arealinngrep og framkomst. Då planarbeidet starta i 2020 var bestillinga at Statens vegvesen skulle planlegge ein veg med 110/t fartsgrense, men ny handbok N100 som kom i 2023 har opna for fartsgrense 100 km/t.

Kva skjer dersom vegen vert planlagd for 100 km/t i staden for 110 km/t? Korleis slår dette ut på klimagassutsleppa og naturinngrep? Dette er spørsmål prosjektet har jobba med for å optimalisere veglinja.

Ein motorveg som blir bygd for fartsgrense 110 km/t har krav om større kurvar/svingar på vegen og stigninga må vera slakare enn for vegar med lågare fart. Konklusjonen er at å  gå ned til 100 km/t gjer det ein god del lettare å tilpassa vegen til terrenget og arealinngrepa vert og mindre.

Arealbruk og samfunnsnytte

Kor mykje areal som går med, kostnad og nytte av vegen, reisetid og korleis prosjektet kan spare natur- og kulturverdiar ligg til grunn for vegvesenet sin konklusjon. Ved fartsgrense 100 km/timen blir nytten for samfunnet høg samtidig som ein betre kan ta omsyn til verdiane i det området vegen går gjennom.

Knyter Rogland og Vestland saman

E39 Ådland-Svegatjørn (Stord–Os) er eit viktig delprosjekt for å binde Stavanger og Bergen tettare saman. Det samla målet for alle prosjekta på strekninga (E39 Rogfast, E39 Bokn-Bømlafjorden og E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os)) mellom Stavanger og Bergen er å redusere reisetida frå 4 ½ time til ned mot 2 timar. Målet er å skape større bu- og arbeidsregionar langs heile strekninga. Næringslivet kan lettare få tak i råvarer, innsatsfaktorar og arbeidskraft, og det blir tilsvarande enklare å eksportere varer.

Reisetida på ny E39 mellom Stord og Os blir ned mot 30 minutt. Dagens riksvegferje mellom Sandvikvåg og Halhjem, samt fylkesvegferjene Jektevik-Hodnanes og Våge-Halhjem, vil bli erstatta av bruer over Langenuen og Bjørnafjorden.

Ny E39 frå Svegatjørn ved Os til Ådland på Stord vil få to lange bruer, over Bjørnafjorden og Langenuen, og 7 lange tunnelar. Bruene og tunnelane må byggast med fire køyrefelt ut frå sikkerheitsomsyn. Forslaget til Statens vegvesen betyr at E39 mellom Stord og Os får same vegstandard som strekninga mellom Svegatjørn og Rådal som opna seinhaustes 2022.