Arve Tjønn Rinde
- E-post:
E39 Bokn-Hope er eit delprosjekt under E39 Stavanger–Bergen. Strekninga på 57 kilometer skal gjennom ei stor oppgradering med nye bruer og firefeltsveg.
Samfunnsmålet for E39 Bokn-Hope er at Haugalandet og Sunnhordland i 2040 skal vere tidsmessig knytt nærare saman med Midthordland. Stavanger- og Bergensområdet skal vere tidsmessig knytt nærare saman.
Sjekk ut Informasjonsportalen for E39 Bokn-Hope
Siste nytt:
06.05.22 Folkemøte 12. mai i regi av Bokn kommune
27.04.22: Varsel om oppstart av planarbeid for E39 Bokn-Hope
18.03.22: Ny informasjonsportal for E39 Bokn-Hope
Statens vegvesen med Rambøll som rådgivar, har starta arbeidet med å førebu høyring av planprogrammet vinteren/våren 2022. I samband med dette blir det arrangert folkemøte.
Planlegginga av korleis den framtidige europavegen gjennom kommunane Bokn, Tysvær, Sveio og Stord er i startgropa. Med utgangspunktet i konseptvalutgreiing (KVU) for E39 Aksdal–Bergen, er det i første omgang strekninga Bokn-Hope det skal utarbeidast ein kommunedelplan (KDP) med konsekvensutredning (KU) for.
Planprogrammet for strekninga er under arbeid, og skal ut til offentleg ettersyn vinteren 2022. Statens vegvesen tar sikte på å ha forslag til kommunedelplan klar for offentleg ettersyn i 2023.
Planprogrammet er ein plan over kva som skal utgreiast i den framtidige kommunedelplanen. Første høyring blir om planprogrammet og det vil bli arrangert folkemøter vinter/våren 2022.
Hovudmål for prosjektet
Kortare reisetid, færre ulukker totalt, ingen møteulukker, reduserte reisekostnader, knyte bu- og arbeidsområde tettare saman. Prosjektet er ein del av Ferjefri E39 Stavanger-Bergen