Bli kjent med prosjektet gjennom video, kart og bilete på vår Informasjonsportal E39 Bokn-Hope (arcgis.com)

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål om E39 Bokn-Hope.

1. Kvifor skal det byggast ny veg?

Ein utbetra og ferjefri E39 vil redusere reisetida og knytte byane på Vestlandet tettare saman. Stortinget har som langsiktig mål å bygge ut E39 mellom Kristiansand og Trondheim, med Stavanger – Bergen som første del. E39 mellom Bokn og Hope er ein del av denne strekninga. Dagens veg er sterkt ulykkesbelasta og har mange kryss og avkøyringar. Ny E39 planleggast for fire felt med midtdelar, og ein vegstandard som tillèt 110 km/t. Dette blir ein sikrare veg for alle.

2. Når startar bygginga og når vil vegen stå ferdig?

Det er ei komplisert oppgåve å planlegge for firefelts motorveg, med mange omsyn som skal takast.

  • Første milepæl er vedtak av kommunedelplan med aktuell korridor for ny veg, og det er Kommunal- og distriktsdepartementet som vedtek planen. Vi planlegg å ha ein vedteken Kommunedelplan i løpet av 2024, men her kan mykje skje undervegs.
  • Neste fase er reguleringsplan der vi planlegg meir detaljert kor vegen skal gå. Denne planen skal også godkjennast politisk. Når reguleringsplanen er vedteken kan det lagast ein byggeplan og bygging av vegen kan starte.
  • Vi kan håpe at første spaden blir sett i jorda rundt 2033, med opning av ny veg rundt fem år etter. Framdrifta er også avhengig av statlege løyvingar til vegprosjektet.

3. Kor skal den nye vegen gå?

Planarbeidet skal finne fram til den optimale korridoren for vegen etter at alle relevante alternativ er vurderte opp mot miljø, klima, kostnader og nytte. Målet er å finne den beste løysinga som balanserer omsyn til miljø, klima, kostnader og menneska som bur i området.

4. Korleis vil naturen og lokalmiljøet bli vareteke?

Vi legg mykje arbeid i å kartlegge naturen slik at vi har god kunnskap om verdifull natur i området. I dette inngår verdifulle naturressursar, naturmangfold og område som blir nytta til friluftsliv og rekreasjon. Vi kjem til å arrangere folkemøte, og gi innbyggarane moglegheit til å komme med innspel til planarbeidet. Med eit godt kunnskapsgrunnlag ønsker vi å finne ei løysing som balanserer omsyn til miljø, klima, kostnader og menneska som bur i området på best mogleg måte.

5. Når og korleis kan eg som innbyggar påverke innhaldet i kommunedelplanen?

Det vil bli to formelle høyringsrundar. Den første i forbindelse med planprogrammet og den andre når planforslaget er klart. I begge høyringsrundane vil vi halde folkemøte som alle kan delta i. Høyring av planprogrammet blir gjennomført i løpet av 2022. Det kjem meir informasjon om høyringsrundane Har du spørsmål om prosjektet eller prosessen utanom desse høyringsrundane, kan du gjerne ta kontakt med oss på

6. Korleis finn eg ut om området eg bur i er råka?

Når vi legg ut planprogrammet på høyring vil vi vise utgreiingsområdet der vi leitar etter aktuelle korridorar for vegtraseen. Det er for tidleg å seie om området du bur i blir råka på det tidspunktet, sjølv om du skulle ligge innanfor utgreiingsområdet.

Når planforslaget blir lagt ut på høyring i 2024 vil vi vise planområdet for korridoren. Innanfor denne korridoren vil vegen leggast, og dersom området du bur i ligg innanfor denne korridoren kan det hende at du blir råka.

7. Kva er ein planprosess?

Ein planprosess er ein samleomgrep på det faglege utgreiingsarbeidet, medverkinga og den politiske behandlinga som blir gjennomført for å få ein vedteken plan; i dette tilfellet ein kommunedelplan. Plan- og bygningslova har reglar for korleis planlegging skal skje. Planlegging av større vegprosjekt blir behandla normalt først gjennom ein kommunedelplan med konsekvensutgreiing som her. Dei viktigaste stega i denne prosessen er varsel om oppstart av planarbeid, utarbeiding av planprogram og utarbeiding av planforslag. Det er moglegheiter for å komme med innspel i forbindelse med varsel om oppstart, høyring av planprogrammet og høyring av sjølve planforslaget. Høyringane skal sikre at offentlege myndigheiter bidreg i arbeidet og at alle som kjenner seg råka har moglegheit til å seie kva dei meiner undervegs. Høyringane er også ei viktig kjelde til lokal kunnskap. Dette prosjektet blir gjennomført som ein statleg plan. Det vil seie at Kommunal- og distriktsdepartementet er planmyndigheit, og har ansvaret for å vege ulike interesser og vedta planen.

Alle høringsperiodane, fristar for innspel og opne møte blir annonserte på nettsidene til Statens vegvesen, i lokalpressa og på kommunane sine heimesider.

8. Kva er ei høyring og kva skjer i ein høyringsperiode?

Gjennomføring av høyring av eit planprogram og eit planforslag er eit krav i plan- og bygningslova. Ei høyring blir gjennomført av statlege, regionale og kommunale myndigheiter. I tillegg kan private organisasjonar, grunneigarar og andre som blir råka av planforslaget komme med innspel til forslaget innan ein fastsett frist. Alle som ønsker det, kan seie si meining om dei forslaga som er offentleggjort (dette kallast offentleg ettersyn). Høyring og offentleg ettersyn blir annonsert i aviser, på kommunane sine nettsider og på nettsidene til Statens vegvesen. I høyringsperioden vil det bli gjennomført opne folkemøte og det vil vere tilgjengelege digitale kanalar for innspel.

9. Kva er eit planprogram?

Planprogrammet kan beskrivast som «kokebok» til prosjektet, eller oppskrift, for korleis planarbeidet skal gjennomførast. Det avklarer kva område som skal utgreiast (utgreiingskorridorar), kva som skal utgreiast, korleis utgreiingsarbeidsarbeidet skal gjennomførast (utgreiingsprogram) og korleis medverking skal gå føre seg. Planprogrammet skal dessutan sikre at regionale og nasjonale interesser blir greidde ut i planprosessen. Forslag til planprogram kjem ut på høyring i løpet av 2022 og skal fastsettast av Kommunal- og distriktsdepartementet.

10. Kva er ein kommunedelplan?

Ein kommunedelplan er namn på ein plan for bestemte område, tema eller verksemdsområde innan ein kommune. Ved planlegging av veg skal kommunedelplanen vise overordna prinsipp for den framtidige vegutbygginga, blant anna val av korridor som vegen skal ligge i, plasseringar av kryss, vegstandard, og dessutan bruk og vern av areal nær vegen. Ein kommunedelplan skil seg frå ein reguleringsplan, som er meir detaljert. Ein kan seie at mens kommunedelplanen skal halde av plassen, skal reguleringsplanen plassere vegen.

Korridoren som vegen skal leggast i visast som ei bandleggingssone i eit plankart. Ei bandlegging inneber at når kommunedelplanen er vedteken, vil det bli eit bygge- og deleforbud innanfor bandleggingssona. Dette skal sikre at det ikkje blir gjort tiltak innanfor bandleggingssona som gjer det vanskeleg å bygge vegen.

 

E39 Bokn–Hope