E39 Rogfast
Prosjektet E39 Rogfast inneber kryssing av Boknafjorden og Kvitsøyfjorden nord for Stavanger med undersjøisk tunnel.
7. mars 2023 — Inviterer til åpen kontordag på Rogfast 15. mars
9. januar 2023 — Signerte Rogfastkontrakt på 4 milliarder
12. desember 2022 — Rogfast-kontrakt på 5 milliarder signert
Stortinget vedtok utbygging og finansiering av prosjektet E39 Rogfast i Randaberg, Kvitsøy og Bokn kommunar i Rogaland den 23. mai 2017. Dette vil bidra til å knytte næringsliv og befolkning tettare saman på Vestlandet, og er det fyrste ferjeavløysingsprosjektet i vår ambisjon om ein ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim, sa dåverande samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Den 4. januar 2018 gjekk fyrste salve for adkomsttunnelen i Arsvågen som markerte oppstarten av prosjektet. Seinare har ein også bygd ein adkomsttunnel i Mekjarvik. I oktober 2018 lyste ein ut den fyrste av dei verkeleg store kontraktane på Rogfast. Det var tunnelkontrakten på Kvitsøy. Det viste seg etter at kontraktsforhandlingane var gjennomførte og endeleg tilbod var innlevert, at prisen var for høg og difor vart konkurransen avlyst. Prosjektet måtte gjennom ein kuttrunde og ein laga nye kostnadsoverslag for heile prosjektet. Etter ei ekstern kvalitetssikring (KS 2) la Regjeringa fram ei sak for Stortinget der ein foreslo ei ny styringsramme for prosjektet på 20,6 mrd.kr, og ei ny kostnadsramme på 24,8 mrd.kr. Den statlege andelen av finansieringa vart auka til 40% av totalkostnaden av prosjektet og vil med dette utgjere 8,24 mrd.kr i 2020-kr.
Stortinget handsama saka (Prop. 54 S (2020-2021) (Regjeringen)) og vedtok den nye finansieringsplanen og ein revidert framdriftsplan for prosjektet (Stortinget) den 18. desember 2020.
Lengst og djupast
Prosjektet E39 Rogfast blir verdens lengste og djupaste undersjøiske tunnel. Når Rogfast er på plass vil reisetida mellom Stavanger og Bergen bli redusert med om lag 40 minutt. Det vil samstundes leggja til rette for ein utvida bu- og arbeidsmarknad i regionen, noko som vil styrka viktige næringsklynger.
Statleg bidrag
Den statlege andelen av finansieringa er auka monaleg frå sist Stortinget handsama finansieringsplanen. Mens ein i 2017 hadde ein statleg andel av finansieringa på 3,6 mrd.kr (2017-kr) er den no altså auka til 8,24 mrd.kr.
Ein har ikkje rekna med store endringar i trafikkgrunnlaget sjølv om elbil-andelen nok vil auke. Den auka statlege andelen av finansieringa gjer at risikoen for høgare bompengar blir redusert.
Rogaland fylkeskommune har garantert for bompengelåna. Denne garantien er ikkje endra sidan prosjektet opprinneleg vart vedtatt, og det betyr at dersom kostnadane på prosjektet blir høgare enn 20,6 mrd.kr vil Staten ta desse kostnadane.
Bygging
Arbeidet med å bygge tunnel fra Kvitsøy er startet. Den neste kontrakten Boknafjorden sør er planlagt utlyst i slutten av 2021. Så går det slag i slag med utlysing av nye store kontraktar på Bokn og til slutt resten av det som skal gjerast frå Kvitsøy. Om nokre år når tunneldrivinga nærmar seg slutten, vil ein også lyse ut kontraktar for tekniske installasjonar i tunnelsystemet.
Dersom alt går etter planen vil ein då kunne opna i 2031.

- Vei:
- E39
- Fase:
- Byggefase
- Kommuner:
- Randaberg, Bokn, Kvitsøy
- Fylker:
- Rogaland
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2018-2029
- Totalkostnad:
- 20,60 milliarder. (2020-kr)