Departementa har no bede Statens vegvesen om å leggja ut forslag til reguleringsplan for strekninga E39 Ådland-Svegatjørn på høyring.

- Dette er ein svært viktig milepel for alle som er påverka av og engasjerte i planen om ny E39 mellom Stord og Os, også kjend som E39 Ådland-Svegatjørn eller Hordfast. Når vi no snart legg planen formelt ut på høyring, kan alle som har innspel og merknader til planen senda dei inn. Vi veit det er mange som ønskjer å koma med sine innspel, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Henry Damman.

Torsdag 21. mai fekk Statens vegvesen beskjed frå Samferdselsdepartementet om at Kommunal- og distriktsdepartementet ber vegvesenet leggja planen ut på høyring.
- Når ein reguleringsplan blir lagd ut på høyring, må vi følgja plan- og bygningslova. Det er nokre formelle steg vi må gjennomføra for at alle involverte partar skal få koma til orde. Same dagen som vi fekk klarsignal, starta vi umiddelbart dei formelle førebuingane, forklarar prosjektleiaren.

Vi ser bilar og ein buss som kjøyrer over Bjørnafjordbrua. Brua har fire felt og gang- og sykkelveg til venstre.
Ei utbygging av E39 Ådland-Svegatjørn vil redusere reisetida med ein time. Frå dagens cirka 90 minutter til cirka 30 minutter ein gang i framtida. Prosjektet vil bidra til å redusere reisetida mellom Bergen og Stavanger frå dagens rundt fire timer til under to timer. Det opna for eit betre kollektivtilbud mellom fleire av Vestlandsbyane Bergen, Stord, Haugesund og Stavanger. Illustrasjon: Dissing + Weitling / Statens vegvesen

Høyring startar i juni

Statens vegvesen kjem til å leggja planen ut på formell høyring i løpet av juni.
- Alle grunneigarar som er direkte råka, vil då få formelt varsel frå oss med brev. Samtidig blir offentlege styresmakter og alle andre interesserte inviterte til å koma med sine innspel, forklarar Henry Damman.

Folkemøte, opne kontordagar og lang høyringsperiode

Vegvesenet planlegg folkemøte i dei tre kommunane Bjørnafjorden, Tysnes og Stord i månadsskiftet august/september. I etterkant vil det bli arrangert opne kontordagar der alle som har spørsmål, kan møta representantar frå vegvesenet.

- Fristen for å senda inn innspel blir til hausten. Sidan vi formelt legg ut planen før sommaren, vil høyringsfristen bli betydeleg lengre enn dei lovpålagde seks vekene. Dermed får alle betre tid til å setja seg inn i dei omfattande dokumenta, forklarar prosjektleiar Henry Damman.

Mest omfattande reguleringsplan

Vegvesenet sende forslag til reguleringsplan til departementa våren 2025. Reguleringsplanen på over 7 000 sider er den mest omfattande reguleringsplanen vegvesenet nokon gong har laga.

- Det har blitt arbeidd svært grundig og godt med reguleringsplanen sidan vi fekk oppdraget frå regjeringa. Vi har dokumentert ei rekkje verknader og konsekvensar dersom strekninga blir bygd ut. Dette for at samfunnet og politikarar skal vere best mogleg opplyste om både negative og positive sider ved saka, forklarar Henry Damman.

Kuttar éin time reisetid

Strekningen E39 Ådland-Svegatjørn er i gjeldande Nasjonal transportplan omtalt i utviklingsporteføljen, som det ikkje er rom for å realisere innanfor NTP-perioden 2025-2036. Samstundes vart Statens vegvesen bedt om å ferdigstilla reguleringsplanen for prosjektet. Dette vil gje det beste grunnlaget for å vurdere prosjektet ved en seinare rullering av porteføljen når handlingsrommet tillet det.

Forslaget til reguleringsplan gjeld 55 km ny veg. Vegen er planlagd som ein ferjefri, firefelts veg med fartsgrense på 100 km/t. Ny veg skal erstatta fleire ferjesamband, mellom anna Halhjem-Sandvikvåg. Planen inneheld det som kan bli den lengste brua i Noreg, og verdas lengste flytebru. 

Til saman vert det foreslått å byggje fem toplanskryss, fem store bruer, fem til sju tunnelar og 30-32 kilometer med veg i dagen.

- Ny veg vil vere eit viktig bidrag for å binde regionen Stavanger-Bergen tettare saman til ein bu- og arbeidsregion. Ny E39 mellom Stord og Os vil redusere reisetida med ein time. Reguleringsplanen bygger på kommunedelplan som var vedtatt i 2019, der korridor for ny E39 vart avklart, forklarar prosjektleiar Henry Damman.

Illustrasjon som viser hvordan Bjørnafjordbrua kan komme i land heilt sør på Røtinga i Bjørnafjorden kommune. Området er eit skjærgårdsområde.
Bildet viser ilandføringa ytterst på Røtinga. På Røtinga vil vegen kun ha ei kort dagsone før den går inn i lang tunnel under Søre Øyane heilt fram til Svegatjørn ved Osøyro. Gang- og sykkelvegen er lagt i skogsområdet til venstre i bilde. Illustrasjonen viser korleis ein kan lage ei øy av massar frå tunnel. Reguleringsplanen viser også ei løysing uten denne øya. Illustrasjon: Dissing + Weitling / Statens vegvesen

Historikk

Idéen om ferjefri europaveg mellom Stord og Os går tilbake til 80-talet. Det var først rundt 2010 at planane skaut fart. Her er ei kort oppsummering av nyare historikk.

  • 2010: Konseptvalutgreiing (KVU) E39 Aksdal-Bergen. Ferjefrie løysingar vart vurderte i tillegg til innkorta ferjestrekning med betre frekvens.
  • 2013: Regjeringa gav Statens vegvesen oppdrag om vidare planlegging. Regjeringa sa at K4C Midtre linje skulle leggjast til grunn, med kryssing av Bjørnafjorden med bru frå Tysnes over til Os.
  • 2019: Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KDD) vedtek kommunedelplan med sørleg kryssing av Langenuen, og bru mellom Røtinga (Bjørnafjorden) og Reksteren (Tysnes).
  • 2023: KDD fastset planprogrammet for vidare planlegging av reguleringsplan for prosjektet.
  • 2025: Statens vegvesen sender forslag til reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn til departementet.
  • 2026: KDD og Samferdselsdepartementet ber vegvesenet leggja planen ut på høyring.