På grunn av gravferda til kong Harald utset Statens vegvesen open kontordag i Bjørnafjorden i samband med E39 Stord-Os.

 
Reguleringsplanen for den 55 km lange strekninga av E39 mellom Stord og Os, også kjend som Hordfast, er ute på høyring. Statens vegvesen arrangerer denne veka informasjonsmøte på Stord, Tysnes og i Bjørnafjorden.
 
– Onsdag hadde vi planlagt open kontordag på Os, der alle kan kome for individuelle samtalar. På grunn av gravferda til kong Harald utset vi open kontordag. Nytt tidspunkt for open kontordag vert mandag 14. september frå 12 til 18 i Vognhallen, fortel planleggingsleiar i Statens vegvesen, Ellen Njøs Slinde.
 
Kan møte i nabokommunar
Dei planlagde opne kontordagane på Stord 8. september og Tysnes 10. september blir arrangerte som planlagt.
– For innbyggjarar i Bjørnafjorden er det òg mogleg å møte opp på Stord og Tysnes dersom ein ønskjer det, understrekar Slinde.
 
Stort vegprosjekt
Ny E39 mellom Stord og Os skal redusere reisetida med om lag éin time. Vegen er planlagd som firefelts motorveg med fartsgrense på 100 km/t. Planen omfattar ei rekkje tunnelar, bruer og veg i dagen.
 
– Mellom anna har vi planlagt verdas lengste flytebru mellom Røtinga i Os og Reksteren på Tysnes, den 5,5 kilometer lange Bjørnafjordbrua. Den lengste tunnelen er 7,7 kilometer lang, og sør på Tysnes knyter vi oss til Stord via bru over Langenuen. Brua her vil få 75 meter seglingshøgd og bli Noregs tredje lengste bru, forklarer planleggingsleiaren.
 
Tre ferjesamband kan leggjast ned dersom vegprosjektet blir bygd.
 
Frist 1. Oktober
Alle som har innspel til reguleringsplanen, kan no kome med sine merknader.
– Fristen for å kome med merknader er 1. oktober. Vi tilrår å gjere det via nettsidene våre, oppmodar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen.