Statens vegvesen tilrår utvikling til firefeltsveg med ny parallell køyretunnel (Konsept 3/K3).

Konsept K3 følgjer langt på veg eksisterande E39 frå Heiane til Valevåg.
– Dette konseptet inneber at vi byggjer eit nytt parallelt tunnelløp ved sidan av eksisterande tunnel. Da kan vi føre trafikken i to ulike tunnelløp samtidig som vi får tverrsamband med rømmingsvegar for kvar 250 meter, seier prosjektleiar Ole-Mathias Nes i Statens vegvesen.

Den endelege rapporten om konseptvalutgreiinga for E39 kryssing av Bømlafjorden

Alle dei utgreia konsepta vil gje auka kapasitet og betre trafikktryggleik. Vi tilrår Konsept 3 fyrst og fremst fordi det gjer stor fleksibilitet når det gjeld framdrifta i utbygginga.

Onsdag 20. mars kl. 10 gjennomførte vi eit avsluttande møte for referansegruppa. 

Presentasjon frå referansegruppemøtet