Artikkelen er frå 2014, og innhaldet kan vere utdatert.

Ein del av Statens vegvesen sitt arbeid med riksveg 509 Sømmevågen og Flyplassvegen omfattar utviding av Tanangervegen til Sømme. Nå blir også vegbiten fram til krysset ved Kolnesvegen og Sola Prestegårdsveg utvida til fire felt.

– Vi ser at det er ein fordel å koble utviding av denne vegbiten saman med arbeidet i Sømmevågen når vi først er i gang, seier prosjektleiar Odd-Magnar Nerland.

Førre veke blei byggeplanlegginga for prosjektet Tanangervegen-kryss Sola Prestegårdsveg og Kolnesvegen lyst ut på anbod. Fristen for å levere tilbod er sett til 1. oktober, og byggeplan skal vere ferdig til 1. juni 2015.

Betre for alle trafikantgrupper

Utviding av Tanangervegen er ein del av arbeidet med Transportkorridor vest, der hovudføremålet med utbygginga er å betre vegen mellom dei viktigaste terminalane for næringstrafikk. Ein ekstra gevinst er at dei ulike trafikantgruppene i området blir ivaretatt.

- Vi kjem også til å bygge gang- og sykkelveg langsmed Tanangervegen, seier Nerland.

Ferdig samtidig med Sømmevågen

Sjølv om det nå blir bygging på eit større område enn først planlagt, er prosjektleiaren optimistisk med tanke på framdrifta.

- Vi håpar på byggestart for den nye vegstrekninga i oktober 2015, seier han.
- Så vil vi at firefeltsvegen fram til Kolnesvegen blir ferdig og opna samtidig med firefeltsvegen i Sømmevågen og på Flyplassvegen, sommaren 2017.

Aktuelt for fylke: Rogaland