Artikkelen er frå 2014, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen starta måndag 8. desember sprengingsarbeid ved rundkøyringa på Utsola. Arbeidet er ein del av arbeidet med å utvide Flyplassvegen til fire felt.

‒ Det blir sprenging på dagtid dei neste vekene, seier prosjektleiar Odd-Magnar Nerland.

Han fortel at sprengingsarbeidet er den verkelege starten på utbyggingsarbeidet. Fram til nå har arbeidsfelleskapet Kruse Smith Entreprenør og Bjelland AS jobba med å rydde vekk tre og klargjere områda der dei skal bygge veg.

Entreprenøren jobbar også med tre-rydding i området ved Sola Prestegårdveg og Sømmevågen.

‒ Om ikkje lenge må vi legge om gang- og sykkelvegar i dette området, seier Nerland. Det blir gjort slik at dei mjuke trafikantane skal sleppe å kome så nær anleggsarbeidet.

Informasjon til naboar

I desse dagar kjem ei brosjyre i posten til naboar og andre i Sola. I tillegg skal det vere informasjonsmøte om prosjektet 16. desember kl. 19.00, på Quality Airport Hotel.

Snart sprenging Utsola, Sømmevågen og Flyplassvegen
Entreprenøren starta denne veka sprengingsarbeid ved rundkøyringa på Utsola, like ved flyplassen. Foto: Undi Torstensen
Aktuelt for fylke: Rogaland