Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

I samband med utviding av riksvegen i Sømmevågen i Sola startar Statens vegvesen fredag arbeid med å forlenge undergangen aust i vågen.

For å få plass til å gjere jobben må entreprenøren snevre inn riksvegen frå to til eitt felt, i retning Tananger.

– På siste del av Solasplitten får dei som køyrer frå Forus mot Tananger og flyplassen berre eitt felt vestover eit lite stykke. Dei frå Forus som skal mot Tananger må legge seg i høgre felt litt seinare enn i dag, i sjølve Sømmevågen, forklarar byggeleiar i Statens vegvesen, Pål Thornes.

Sjå kart under som forklarar endra køyremønster.

Startar fredag

Gang- og sykkelundergangen aust i Sømmevågen må forlengast når riksvegen oppå blir breiare. Allereie fredag 30. januar startar entreprenøren arbeidet. Dei som merkar det mest, er bilistar som køyrer vestover frå Solasplitten. Skiltinga blir sett opp natt til fredag.

– Også syklistar og gåande må vere merksame, men undergangen skal vere open i heile byggeperioden, forsikrar Thornes. Arbeidet skal vere ferdig i sommar.

Fleire trafikkomlegginar seinare

Framkomsten for bilistar og syklistar skal vere god i heile byggeperioden i Sømmevågen og på Flyplassvegen, men det kjem endringar i køyremønster for både bilistar og syklistar.

– Denne omlegginga blir den første. Det er ikkje mykje, men nok til at folk kanskje bør rekne litt meir tid viss dei skal til flyplassen, seier Thornes.

Thornes lovar at vegvesenet skal gjere sitt beste for å varsle trafikkomleggingane på førehand, slik at trafikantane er førebudde.

Følg til dømes prosjektarbeidet på Facebook eller på prosjektsida på vegvesen.no

Kart som viser trafikkomlegging Solasplitten-Sømmevågen januar-juni 2015
Riksvegen blir snevra inn frå to til eitt felt eit lite stykke. Entreprenøren skal forlenge undergangen. Foto: Gaute Larsen
Aktuelt for fylke: Rogaland