Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

Stavanger kommune og Sola kommune har gjort vedtak om å legge løysinga som Statens vegvesen anbefaler ut til offentleg ettersyn.

Sjå plandokumenta her.

Statens vegvesen har sett nærmare på planane for Hafrsfjord bru. - Vi anbefaler ei opnare løysing enn den vi først føreslo. Det seier prosjektleiar for Transportkorridor vest, Tore R. Johansen i Statens vegvesen.

Hafrsfjord bru er ein viktig del av planane for Transportkorridor vest.

- Vi har heile tida visst at det er utfordrande å få til ei god løysing i landskapet. Etter innspel frå Vegdirektoratet har vi endra anbefalinga vår til kommunane, seier Johansen.

Eit meir ope landskap

Statens vegvesen sendte i juni forslag til reguleringsplan for riksvegdelen av Transportkorridor vest til kommunane Sola og Stavanger. Kommunane er varsla om endringane.

- Løysinga vi har kome fram til er betre arkitektonisk enn den første. Nå går vi for ei lang bru på totalt 376 m. Då slepp vi å bygge ei høg mur på Prestaskjeret, forklarar Johansen. Han forsikrar at seglingshøgda er den same som før, 12 meter.

Separat gangbru til Prestaskjeret

Statens vegvesen har sidan midten av august vurdert til saman fem alternative løysingar for brua. Planleggarane har vurdert arkitektur og landskap, naturmangfald, nærmiljø og friluftsliv, i tillegg til kostnad.

- Det har vore viktig for oss å ivareta nærmiljø og friluftsliv. I den nye anbefalinga har vi trekt det sørlige landkaret for Hafrsfjordbrua cirka 50 meter nordover. Då blir det mogleg å bygge ei eiga gangbru på om lag 120 meter, som sikrar turgåarar fortsatt tilkomst til Prestaskjeret, seier Johansen.

I det nye forslaget aukar kostnaden for brua frå 505 millionar kroner til 592 millionar.

Offentleg ettersyn og informasjonsmøte 

Merknader og innspel til planforslaget skal sendast til kommunane.

Plan 2479 Stavanger kommune

Orienteringsmøte tysdag 13. oktober klokka 18 på Revheim menighetshus, Revheimsveien 159. Det blir informasjon om plan 2479, strekninga frå kommunegrense Sola/Stavanger til og med Sundekrossen. Orientering ca. 1 time.

Etterpå blir det open kontortid fram til klokka 20:30 der det er mogleg å møte dei ansvarlege for planen og stille spørsmål som ikkje blir tatt opp i plenum.

Plan 0527 Sola kommune

Orienteringsmøte måndag 19. oktober klokka 18 på Haga skole, Tananger Ring 3. Det blir informasjon om plan 0527 i Sola kommune.  Orientering ca. 1 time.

Etterpå blir det open kontortid fram til klokka 20:30 der det er mogleg å møte dei ansvarlege for planen og stille spørsmål som ikkje blir tatt opp i plenum.

Tysdag 20. oktober klokka 9–15 blir det open kontordag på Sola rådhus.

Område nær fugleskjær på innsiden av bruene, sett mot Jåsund
Statens vegvesen anbefaler ny og opnare løysing for Hafrsfjord bru. Her mot Jåsund. Foto: Norconsult for Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Rogaland