Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen er nå ferdig med å planlegge riksvegdelen av Transportkorridor vest. Ein viktig del av planane er Hafrsfjord bru.

Statens vegvesen sendte 19. juni planforslag for detaljregulering av riksvegdelen av Transportkorridor vest til kommunane Sola og Stavanger.

Planen for riksvegdelen gjeld for 7,5 kilometer av riksveg 509, frå krysset ved Sola Prestegårdsveg og Kolnesvegen i sør til Sundekrossen i nord. Planen kryssar dermed kommunegrensa mellom Sola og Stavanger.

- Det er ein omfattande plan. Nå er vi spente på om kommunane er nøgde med det vi har gjort, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Tore R. Johansen.

Johansen er sjølv svært nøgd med planane for området ved Hafrsfjord bru.

Betre naturtilstand

- Vi har planlagt ei ny buebru med 12 meters seglehøgde. Brua i seg sjølv er flott. Like viktig er at vi har teikna ei platebru ved Presteskjæret og føreslår å opne opp om lag 60 meter av dagens sjøfylling. Då blir det betre utskifting av vatnet i Hafrsfjord, og på sikt blir  naturtilstanden i fjorden betre, forklarar Johansen.

Fint for dei som går og syklar

Gåande og syklande får gode løysingar viss det blir slik vegvesenet har planlagt. Dei som syklar til og frå jobb eller skole blir prioritert høgt i planane.  

- Nye gang- og sykkelvegar skal ha gode koblingar mot tur- og sykkelvegane langs Hafrsfjord.

Bussvei 2020

Noko av strekninga er ein del av «Bussvei-2020».

- Difor har vi lagt stor vekt på løysingar som sikrar god framkomst for buss. Vi føreslår kryss i to plan, både i Hagakrossen og i krysset med Kontinentalvegen. I tillegg føreslår vi signalregulering på Tananger Ring ved Skoletunet og i krysset med Kvernevik Ring, forklarar prosjektleiaren.

Les meir om Bussvei 2020 på Facebook.

Pilotprosjekt for tungbil

I planane er dei to ytre felta berre for buss og tungbil. Unnataket er siste strekning mellom Kvernevik Ring og Sundekrossen, der det berre er bussfelt.

Høyring og informasjonsmøte

Forslag til reguleringsplan blir behandla i dei to kommunane til hausten. I Stavanger 3. september, og i Sola 23. september. Det er opp til den einskilde kommune å vedta om planen blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

- Viss det blir aktuelt, kjem den på høyring seinhaustes, seier Johansen.

Han opplyser samtidig at grunneigarar som blir direkte berørt av planane får skriftleg varsel.

- Truleg blir det også informasjonsmøte eller opne kontordagar i høyringsperioden, der dei som ønskjer får sjansen til å stille spørsmål eller diskutere løysingar nærmare, avsluttar prosjektleiaren.

Sjå planforslaget her

Presteskjæret bru med turveg under brua til venstre og Hafrsfjord bru til høgre i biletet, sett frå Pigghella i Sola kommune. Foto: Norconsult for Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Rogaland