Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen gir med dette melding om at det blir starta opp reguleringsplanarbeid for Transportkorridor vest Hagakrossen i Sola kommune. Kostnadene som ligger inne i gjeldande plan er så pass høge at det vil være naudsynt med store kostnadskutt.

Eit av dei aktuelle tiltaka for å redusera kostnadene vil være å utforme enklare kryssløysingar for området ved Hagakrossen. Det inneber rundkjøyringar i staden for kulvert og endra løysing for adkomstvegar og gang- og sykkelvegar.

Detaljreguleringa er i tråd med gjeldande kommuneplan. Vurderinga er at tiltaket ikkje får vesentlege konsekvensar for miljø eller samfunn, og fell ikkje inn under § 6, § 7 eller § 8 i forskrifta for konsekvensutgreiing.

Grunneigarar som vil bli råka av planen, varslast gjennom eige brev. Reguleringsplanen har følgjande PlanID: Plan 0613 Detaljregulering for Transportkorridor vest Hagakrossen.

Merknader og spørsmål

Eventuelle merknader til oppstart av reguleringsplanarbeidet kan sendast innan 16.12.2019 til:

  • Staten vegvesen, Postboks 43, 6861 Leikanger, eller til  

med kopi til:

  • Sola kommune, postboks 99, 4097 Sola eller  

Har du spørsmål kan du kontakta Geir Strømstad i Staten vegvesen, tlf. 48899798, eller e-post 

Denne kunngjeringa frå Statens vegvesen er i samsvar med Plan- og bygningslovens § 12-8.

Aktuelt for fylke: Rogaland