Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

Visste du at Statens vegvesen har fleire hundre kamera langs vegane i landet?

Dei fleste står på klima- eller vérstasjonar, og er sett opp for å gi dei ansvarlege informasjon om og kor dei må brøyte, salte eller strø vegane.

Tilbakemeldingar viser at mange trafikantar har nytte av å sjå forholda på vegane, særleg i overgangen mellom årstidene. Nokre av kameraa blir oppdatert kvar time, medan andre kvart femte minutt. Såleis kan dei også gi ein peikepinn på korleis trafikkforholda er ein stad.

Statens vegvesen sitt nyaste kamera i Rogaland står i Sømmevågen. Foreløpig blir det oppdatert ca. kvart 15. minutt.  

Her er lenka til kameraet i Sømmevågen (alle webkamera i landet finn du her).

Aktuelt for fylke: Rogaland