Her kan du sjå reguleringsplanforslaget til korleis Transportkorridor vest kan bli mellom Sundekrossen i sør, via Kvernevik til E39 på Finnestad i nord. Transportkorridor vest (TKV) er hovudvegen mellom fleire terminalområder: godsterminalen på Ganddal, Stavanger lufthamn, Risavika og Dusavik. TKV bind desse saman med E39. Mellom Sunde og Kvernevik ring nord kjem Bussveien i midten.

Filmen viser mellom anna at biltrafikken i Sundekrossen går under bakken. I Varheiskjæringa i Randaberg er det planlagt parkering ved badeplassen. [oktober 2017]

Video oktober 2017