Første delkabel på Nye Sotrabru er innstallert
Den første av totalt 82 delkablar er trekt over fjorden, og dermed er ein av dei mest sentrale fasane i bygginga av brua i gang.
Dei to hovudkablane består av 41 delkablar kvar, og kvar delkabel inneheld 127 trådar. Byggeleiar for kabelarbeidet i Sotra Link Construction, Manhyung Bae, er godt nøgd med korleis trekkinga av den første delkabelen gjekk
– Etter ein lang periode med førebuingar er vi glade for at vi no er i gang med installasjonen av den første delkabelen, seier byggeleiar for kabelarbeidet i Sotra Link Construction, Manhyung Bae.
Den første delkabelen er den mest krevjande, fordi det er den dei neste kablane skal følgje. Difor må han trekkjast rett, utan å vri seg, og plasserast nøyaktig.
Venta å ta om lag tre månader
Kabelarbeidet er venta å ta om lag tre månader, men framdrifta avheng av at forholda spelar på lag.
Prosjektleiar for Nye Sotrabru i Statens vegvesen, Håkon Matre, var òg til stades då den første delkabelen, kledd i flagg for høvet, starta reisa si over fjorden. Sakte, men sikkert blei kabelen trekt opp frå viadukten og vidare over brutårnet på Sotrasida og ut over fjorden mot Drotningsvik.
– Dette er ein milepåle vi har sett fram til. No er vi i gang med ein sentral del av arbeidet med Nye Sotrabru. Når kablane er på plass, held arbeidet fram med hengestenger og deretter montering av køyrebana. Det er mange delar som skal på plass i rett rekkjefølgje.
Vêr og vind påverkar brubygginga i stor grad, og kan påverke installasjonsarbeidet og gjere det naudsynt å justere framdriftsplanen.
– Vi håpar på gode vêrforhold i månadane som kjem, slik at vi kan halde oppe framdrifta, seier Bae.
Sikkerheit viktigast
Kabelarbeidet går føre seg i stor høgde, og sikkerheit har høgste prioritet.
– Det viktigaste å gjennomføre kabelinstallasjonen utan hendingar, samstundes som vi held oppe dei strenge kvalitetskrava som ein konstruksjon av denne storleiken krev, seier Bae.
Forankra i fjellet
Kvar delkabel blir trekt over bruspennet med ei kabelvogn som rører seg mellom brutårna ved hjelp av vinsjar. Etter at alle kablane er trekt over og trygt forankra i dei store forankringskammera inne i fjellet på kvar side av brua, blir dei komprimerte og festa saman til to store hovudkablar.
Det er selskapet NRS som utfører kabelarbeidet i samarbeid med Sotra Link Construction.
Kablane er prefabrikkerte i Kina og frakta med skip til Noreg. Dei kom fram til anleggsområdet i slutten av mai.
Når kablane er på plass, startar arbeidet med å montere hengestenger frå kablane. Hengestengene får ulik lengd: Dei er kortast midt på fjorden og blir gradvis lengre jo nærare brutårna dei kjem. Sjølve brudekket kjem sjøvegen i løpet av hausten eller tidleg vinter.
Fakta om kablane:
- Det er to hovudkablar på Nye Sotrabru.
- Kvar hovudkabel inneheld 41 delkablar som består av 127 kabeltrådar.
- Delkablane er prefabrikkerte og leverte på store kabelrullar til anleggsområdet.
- Denne metoden blir kalla for PPWS. (Prefabricated Parallel Wire Strands/Prefabrikkerte parallelle ståltråder)