Sotrasambandet skal sikre gode og effektive kommunikasjonstilhøve til bysentrum, bydelar og til transportknutepunkt for sentralt hovudvegnett, stamvegnett, jernbane, sjø- og lufttransport.

Bygging av nytt Sotrasamband  vert gjennomført som OPS-prosjekt (offentleg-privat-samarbeid). Prosjektet omfattar bygging av firefelts veg frå kryss ved fv. 562 ved Storavatnet i Bergen kommune til kryss med fv. 561 ved Kolltveit i Øygarden kommune.

Dagens riksveg 555 er ein tofelts veg med varierande standard. Transportsystemet er svært sårbart med dagens bru som einaste tilkomst Øygarden kommune, som har omfattande næringsliv innafor olje- og gass-sektoren, inkludert Ågotnesbasen og Stureterminalen.

Med ein årsdøgntrafikk i 2017 på om lag 27 400 køyretøy, er det store køproblem også for kollektivtrafikken. Eksisterande Sotrabru er smal og utan tilrettelegging for gåande og syklande.

Nytt Sotrasamband skal løyse opp flaskehalsar og blir en stor forbetring for trafikantar til og frå Øygarden kommune og Bergen kommune.

Det nye vegsystemet vil en få nye firefelts motorveg, egne felt for kollektivtrafikk, samt gang- og sykkelveg. Når dette vert samla i ein stor kontrakt, blir kontrakten for Sotrasambandet den største i anleggskontrakten så langt i Noreg.  Kontrakten vert etter planen signert sommaren 2021 med byggestart hausten 2021. 

Animasjonsfilm som viser ny rv. 555 fra Kolltveit i Øygarden til Storavatnet i Bergen. Norsk tale. Tekstet på engelsk.

 I tillegg til ny firefelts Sotrabru inkluderer kontrakten:

  •  5,2 km 4-felts hovudveg i dagsoner med 6 større kryss 
  • 10,6 km vegtunnelar, av desse er 4,4 km toløps tunnelar + 1,8 km ramper.  
  • 1,6 km hovudveg på fv.562 (Askøyvegen) med 1 større kryss 
  • 24 km 2-feltsveger/ tilkomstveg
  • 8,8 km hovudsykkelveg (sykkelveg med fortau), b =5m  
  • 6 km gang- og sykkelveg, b=3m 
  • Kollektivveger og kollektivfelt 
  • 0,5 km gang- og sykkeltunneler 
  • 22 bruer inkl. gang- og sykkelbruer 
  • 19 kulvertar og 23 tunnelportalar 
  • Murer 
  • Kollektivplassar og parkeringsplassar 
  • Langsgåande støyskjermar og støyvoller 
Riksveg 555 Sotrasambandet mellom Storavatnet og Kolltveit.
Nytt Sotrasamband skal byggast på strekninga frå Kolltveit i Øygarden kommune til Storavatnet i Bergen kommune.

Vei:
Rv. 555
Fase:
Planfase
Kommuner:
Øygarden, Bergen
Fylker:
Vestland
Finansiering:
Stat, Bompenger
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2006-2015
Totalkostnad:
10,00 milliarder. (2018-kroner)

Ny Sotrabru vil krysse Raunefjorden mellom Bergen og Sotra i dagens høgspenttrasé. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Prosjektkontor

Besøksadresse:
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Telefon:
47685804

Kontakter

Arve Tjønn Rinde

Prosjektleiar
Telefon:
930 31 874

Linn Christin Rebnord

Nabokontakt og prosjektstøtte
Telefon:
476 85 804
E-post:

Ingrid Feet Bjørgo

Kommunikasjonsrådgjevar
Telefon:
97078677
E-post:

Sist oppdatert: