Nye Sotrabru er verdas største heildigitale hengebru. Neste veke skal senkekassane til brutårnet i Knarrevika fraktast på lekter og senkast på plass.

Prosjektering og designet på brua er no klart og det markerer ein ny, stor milepåle i prosjektet. Brua er ein del av nytt Sotrasamband mellom Kolltveit og Storavatnet, og er designa og prosjektert av Norconsult for Sotra Link. OPS-prosjektet Rv. 555 Sotrasambandet starta bygginga i vår og skal opne for trafikk til sommaren 2027. Brua har eit hovudspenn på 608 meter og ei lengde på 901 meter.

Illustrasjon av Nye Sotrabru. Norconsult har konstruert brua digitalt med alle detaljar, og modellen blir som ein digital tvilling til den fysiske brua.
Norconsult har konstruert brua digitalt med alle detaljar, og modellen blir som ein digital tvilling til den fysiske brua. Illustrasjon: Norconsult/Nordic

Klare til å støypa brutårnet i Knarrevika

Senkekassane er støypt og står ferdige på CCB-basen på Ågotnes. Måndag neste veke skal dei løftast over på lekter og verte frakta til Knarrevika. Prosjektet startar no med brufundamentane i Knarrevika på Øygardensida medan det vert sprengd for dei austre brutårna som skal stå i Drotningsvik.

Portrettbilete av Håkon Matre.
Håkon Matre. Foto: Ingrid Feet Bjørgo

– Når senkekassane kjem på plass tidleg neste veke er vi ordentleg i gang med å bygge ny Sotrabru, og det er veldig stas.

Når dei er på plass kan arbeidet med å støype sjølve fundamentet til brutårnet kome i gang, fortel kontraktsansvarleg for Nye Sotrabru i Statens vegvesen, Håkon Matre.

 

Senkekassane er om lag 10 x 5 meter, har ei vekt kring 228 tonn kvar og skal senkast ned til 4 meters djupne. Kassane er forskaling til støypinga av fundament til dei 145 meter høge brutårna.

Krevjande operasjon

Dagslys, vind og flo/ fjære spelar inn når store element skal førast på plass, fortel Matre.

– Det er ein stor og krevjande operasjon for å få senkekassane på rett plass. Når lekteren kjem inn til Knarravika vert kassane løfta ned i sjøen med ein flytekran og dykkarar vil vere i vatnet for å sjå til at plasseringa blir riktig.

I tillegg vil ei undervatnsdrone hjelpa til med å sikre at plasseringa er rett. Og for å finne rett plassering er det ikkje opp med ein stor papirrull – nei, då er det ein tur inn i den digitale modellen som gjeld – for brua finst ikkje på papir, den er heildigital.

Verdas største heildigitale bru

Nye Sotrabru er verdans største bru som er heildigital i både prosjektering og utføring, og etter kvart forvaltning når ho står ferdig. Dette er i verdssamanheng ikkje gjort i ein så stor skala tidlegare.

Norconsult har konstruert brua digitalt med alle detaljar, og modellen blir som ein digital tvilling til den fysiske brua. Det vil seie at brua vert bygd utan teikningar og med den digitale modellen som den einaste kjelda til «sanninga» for alle partar. Statens vegvesen stiller strenge krav i sine kontraktar for å fremme innovasjon og utvikling av digitale løysingar.

– Fagmiljøet i Noreg er fremst i verda på modellbasert design og prosjektering og det er Norconsult sitt arbeid med Nye Sotra bru et godt døme på, seier Matre.

Ei kjelde til informasjon

Dei digitale modellane har fleire fordeler enn tradisjonelle teikningar, som til dømes å lette forståinga mellom partar, redusere feil, misforståingar og forseinkingar i byggefasen.

Alle utførande fagdisiplinar skal bruka modellen og finn arbeidsbeskrivingane sine der. Det er éi kjelde til informasjon. Det gjev god kommunikasjon, mindre misforståingar og betre samhandling med dei ulike entreprenørane undervegs i byggeprosessen. Det er mange partar og personar frå fleire land involvert i ei så stor bru og behovet for oppdatert informasjon er stort. Risikoen for feil blir mindre og kvaliteten på det ferdige produktet blir betre. Det er viktig når vi byggjer infrastruktur med eit 100-års perspektiv.

Dei digitale modellane er óg utgangspunktet for å kunne drive videre forvaltning av brua digitalt etter ho er opna for trafikk.

Databasar med strukturerte data

Å byggje modellbasert på denne måten er framtida, og gevinstane er mange. Modellane er bygde opp som databasar med strukturerte data som gjev store moglegheiter for optimalisering av prosjekt. Til dømes kan ein bruke data om materialar til å optimalisere for berekraft. Denne måten å samle saman og systematisere data knytt til prosjektering av samferdsleprosjekt vil vi sjå meir av framover, saman med kunstig intelligens og maskinlæring. Det kan gje gevinstar i auka kvalitet, lågare kostnadar og meir berekraftig planlegging, bygging og vedlikehald av samferdsleprosjekt i framtida.

Dobbel brurekord

Det er ikkje breidda ein tradisjonelt sett er mest oppteken av når ein snakkar om hengebruer men ny Sotrabru kan smykka seg med nok ein rekord.

– Ja, det stemmer, med sine 29,5 meter breidde er ho óg Noregs breiaste hengebru, humrar Matre.

Ny Sotrabru blir 29,5 meter brei med fire køyrefelt og sykkelveg med fortau.

Kontaktperson: 

Håkon Matre
Statens vegvesen
Telefon: 411 22 137

Aktuelt for fylke(r): Vestland