Endring av reguleringsplan for E16 Arna-Stanghelle har vore ute til offentleg høyring. Reguleringsendringa vart varsla i juni 2023.

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle arbeider no med oppsummering av merknader og mindre justeringar av planframlegget etter høyringa. Planframlegg vert sendt over til slutthandsaming i dei respektive kommunane i løpet av april/mai 2024. 

Dokumenta som har vore på offentleg høyring finn du under .

Om endringane i reguleringsplanen

Endringane gjeld i hovudsak midlertidig arealbruk i anleggsperioden. Det gjeld mellom anna anleggstverrslaga ved Romslo, Langhelleneset, og Fossmark/Gamle Fossen.

Bakgrunnen er endra løysing for nedføring av steinmassar til sjødeponi. Nye løysingar i fjell vil her erstatte opprinneleg plan med nedføring frå flytande kaianlegg. Endring i midlertidig arealbruk og trafikksystem gjeld også Trengereid og Rødberg der FAS mellom anna må sikre trygg og stabil tilkomst til Trengereid i heile anleggsperioden. Trengereidsvingane må periodevis stengjast. I Samnanger kommune vert regulert eit midlertidig riggareal ved Gullbotn.

For permanent arealbruk vert sjødeponi Romslo flytta 1,3 km austover til ny lokalitet Naustvika. Her er det gjennomført konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova §4-2. På Trengereid er planlagt gang- og sykkelveg i Trengereiddalen flytta nærare fv.49. I Vaksdal kommune vert det regulert ny permanent vekt- og kontrollplass ved Furnestreet. Her er det også nokre mindre planendringar på Vaksdal og ved Dalehagen.

Her kan du lesa meir utfyllande om endringane som vert  foreslått  i dei tre kommunane

Oversiktskart

Kart over områda som FAS søker å regulere om.

Plandokument Bergen

Plandokument Samnanger 

Plandokument Vaksdal

Spørsmål kan rettast til


Alle innsendte merknader vert oppsummert og vil følgje plansaka vidare til politisk
handsaming.