Statens vegvesen tilbyr eit API for leasingselskap, slik at dei sjølve kan endre leasingtakar på eigne køyretøy digitalt.

Få tilgang til API for leasingselskap Logg inn

Brukarar av API-et kan integrere fagsystema sine med Autosys køyretøy, og setje eller fjerne leasingtakar digitalt for eigne køyretøy.

For å få tilgang til API-et må de som brukarar først godkjenne nokre vilkår. Ved å godkjenne vilkåra samtykkjer de til verksemda sine plikter og rettar for bruk av tenesta. I vilkåra får de òg informasjon om føremålet med tenesta, tilgangsstyring og kva som skjer ved brot på vilkåra. Vilkåra godkjenner de på Di side.

For å kunne sjå og signere avtalar på vegner av ei verksemd må du i Altinn ha dei to enkelttenestene « Sjå avtaleinformasjon på vegner av verksemda» og «Signere avtalar på vegner av verksemda», eller ei tilgangspakke som inkluderer desse tenestene. Kva for eit sett med avtalevilkår som er relevant for verksemda avheng av om verksemda skal bruke API-et direkte eller som tredjepart på vegner av ei anna verksemd.

Manglar du tenester i Altinn, må du ta kontakt med ein person som har ansvar for tilgangsstyring i verksemda. Dette er som regel dagleg leiar, styreleiar eller andre som er ein «Tilgangsstyrar». Les meir om tilgang på vegner av ei verksemd.

Brukarar med rolla «Flåteeier»

Dere som har rolla «Flåteeier» i Autosys kjøretøy bransjeløsning godkjenner avtalevilkåra i «Avtale om tilgang til Statens vegvesens API for
leasingtaker» dersom de skal bruke API-et på vegner av eiga verksemd.

Brukarar som tilbyr køyretøytenester på vegner av ei anna verksemd

Tenesta kan òg brukast av dei som administrerer køyretøytenester på vegner av ei anna verksemd, og som ikkje sjølve eig køyretøyet eller har rolla «Flåteeier». Dette føreset at verksemda som har flåteeigar-rolla delegerer retten i Altinn til den som ikkje har det. Avtalevilkåra i «Avtale om tilgang til Statens vegvesens API for
leasingtaker» må godkjennast av verksemder som skal bruke API-et på vegner av ei anna verksemd.

Når de godkjenner vilkåra, får de tilgang til API-et og meir detaljert informasjon om korleis de bruker det i informasjonsportalen for Autosys.