Gyldig til-datoen for førarkortet ditt kan vere sett fordi du hadde svekka helse eller mangla mørkekøyring då det vart utferda. Datoen står på førarkortet.

Uansett kva for ein gyldig til-dato det står på førarkortet, må du fornye det når du fyller 80 år. Du vil få eit varsel tre månader før førarkortklassen går ut.

Forny førarkortet på Di side

Du kan fornye førarkortet digitalt på Di side eller på ein trafikkstasjon. Bestill time time for å fornye det på ein trafikkstasjon, så slepp du å vente.

Kva omfattar dei lette klassane?

Dei lette førarkortklassane er moped (AM/M), personbil (B, B96, BE), motorsykkel (A1, A2, A), snøscooter (S) og traktor (T).

Dersom helsa er årsaka til at du må fornye førarkortet

Dersom helsa di er årsaka til at du må fornye førarkortet, må du levere gyldig helseattest og eventuelt synsattest før du kan fornye førarkortet. Du får attestane frå ein lege, offentleg godkjend optikar eller øyelege.

Send syns- eller helseattesten til den lokale trafikkstasjonen din.

Vi må ha originalversjonen av attesten din. Han kan ikkje vere eldre enn tre månader når vi tar imot han.

Spør fastlegen din om han/ho kan sende helseattesten digitalt til Statens vegvesen. Attesten vil då bli registrert hos oss straks legen har sendt over han.

Viss legen ikkje har denne moglegheita, kan du sende helseattesten i posten til den lokale trafikkstasjonen din.

Du kan sende han i posten til den lokale trafikkstasjonen din.

Du kan fornye førarkortet ditt når vi har registrert syns- eller helseattesten din

Det kan ta opptil ei veke frå vi tar imot attesten, til vi har registrert han.

Når vi har registrert attesten

  • får du ei stadfesting på SMS og e-post
  • kan du sjå på Di side at han er registrert

Gyldigheita for det nye førarkortet blir sett ut frå datoen då helseattesten vart utferda.

Manglande kurs i mørkekøyring

Dersom du har tatt eit kurs i mørkekøyring etter at førarkortet ditt vart utferda, kan du fornye det så snart trafikkskolen har meldt inn til oss at du har tatt kurset. Du treng ikkje levere helseattest for å fornye førarkortet ditt.

Går førarkortet ditt ut når du fyller 75 år?

Dersom førarkortet ditt går ut når du fyller 75 år, kan du fornye det utan helseattest. Det blir då gyldig til dagen før du fyller 80 år.

Tidlegare trong du helseattest for å fornye førarkortet når du fylte 75 år.

Hugs at du uansett må oppsøkje lege dersom du er usikker på om du oppfyller helsekrava for førarkort.

Fornying når du nærmar deg eller har fylt 80 år

Ønskjer du framleis å køyre etter du har fylt 80 år, må du til legen for å få ein helseattest. Han vil vere gyldig i inntil tre år, alt etter helsetilstanden din. Gyldigheita for det nye førarkortet blir sett ut frå datoen då helseattesten vart utferda.