Du må vanlegvis fornye førarkort for tunge klassar kvart femte år. Dersom du har fylt 66 år, og i nokre andre tilfelle, må du fornye førarkortet oftare.

Med tunge førarkortklassar meiner vi lastebil (C, CE, C1, C1E), buss (D, DE) og minibuss (D1, D1E). Du vil få eit varsel tre månader før førarkortklassen går ut.

Du må levere helseattest

Du må levere gyldig helseattest før du kan fornye førarkort for tunge klassar. Du får attesten frå legen din. I nokre tilfelle må du òg levere synsattest frå ein optikar eller øyelege. Dette avklarar du med legen din.

Send helseattesten til den lokale trafikkstasjonen din

Vi må ha originalversjon av attesten din. Han kan vanlegvis ikkje vera eldre enn tre månader når vi mottar han. I samband med koronapandemien godtar vi for augneblinken helseattestar som er opptil seks månader gamle.

Du kan senda helseattesten i posten til den lokale trafikkstasjonen din. Du kan òg sjølv levera han.

Du kan fornya førarkortet ditt når vi har registrert helseattesten din

Det kan ta opptil ei veke frå vi mottar attesten, til vi har registrert han. Når vi har registrert attesten

Gyldigheita for det nye førarkortet blir sett ut frå datoen då helseattesten vart utferda.

Har du nyleg tatt glattkøyring (tryggleikskurs på bane)?

Har du tatt glattkøyring etter at du fekk førarkort for klasse C, D eller CE? Du kan fornya førarkortet ditt så snart trafikkskulen/kursarrangøren har gitt oss beskjed om at du har tatt kurset.

Utgåtte tunge førarkortklassar

Har du tunge klassar som har gått ut, har du ikkje førarrett i desse klassane før du har fornya førarkortet.

Dersom du bestod oppkøyring då du fekk førarkort for tunge klassar eller seinare, kan du fornye førarkortet på Di side eller ved oppmøte på ein trafikkstasjon.

Vi anbefaler deg å bestille time for å fornye førarkortet på ein trafikkstasjon. Bestiller du ikkje time, må du rekna med ventetid.

Krav om oppkøyring for nokre klassar

Det var tidlegare mogleg å få klasse C1 og C1E utan å køyre opp (som stempelrett). Dersom du fekk klasse C1 og eventuelt C1E slik, må du både bestå oppkøyring og levere ny helseattest dersom det har gått meir enn fem år sidan klassen gjekk ut. Du treng likevel ikkje køyre opp dersom du har bestått ei prøve i samband med at du

  • fornya klassen
  • fekk tilbake klassen etter inndraging
  • utvida førarkortet med ein jamstilt eller meir omfattande klasse

Dersom du fekk klasse C1 og eventuelt C1E utan å køyre opp

Fekk du klasse C1 og eventuelt C1E utan å køyre opp (som stempelrett), måtte du fornye klassen med helseattest innan 1. januar 2002.

Om du ikkje gjorde det, mista du retten. For å få klasse C1 og eventuelt C1E må du utvide til klassen ved å gjennomføre obligatorisk opplæring og bestå prøver.

Dersom du har utvida klasse C1 til D1

Dersom du har utvida klasse C1 til klasse D1, bestod du oppkøyringa då du fekk klasse D1. Klasse D1 er jamstilt med klasse C1, og du treng derfor ikkje køyre opp for å fornye klasse C1.

Det gjeld sjølv om du opphavleg fekk klasse C1 utan å køyre opp.

Dersom du fekk klasse D1E på grunnlag av C1E utan oppkøyring

Dersom det har gått meir enn fem år sidan klasse C1E og D1E gjekk ut, må du bestå oppkøyring i éin av klassane før du kan fornye dei.

Gyldigheit

Dersom du tok eller fornya ein tung førarkortklasse etter 10. september 2008, er han vanlegvis gyldig i fem år.

Unntak der førarkortet har kortare gyldigheit

  • Har du fylt 70 år, er førarkortklassen gyldig i eitt år om gongen.
  • Har du fylt 66 år, er førarkortklassen gyldig til dagen før du fyller 71 år.
  • Førarkortet kan ha kortare gyldigheit på grunn av helsa di.
  • Førarkortet har kortare gyldigheit dersom du ikkje har gjennomført all obligatorisk opplæring.