Sjekk andre sine førarkortopplysningar
På Di side kan du sjekke om personen som skal låne bilen din har gyldig førarkort. Der kan du også sjekke kven som har søkt opp førarkortet ditt.
Du som bileigar er ansvarleg for at dei som låner køyretøyet ditt har gyldig førarkort i rett klasse.
Slik sjekkar du andre sine førarkort
Logg inn på Di side og tast inn fødselsnummer og etternamn til den du vil søkje opp. Det held med dei fem første bokstavane i etternamnet. Både firma og privatpersonar kan søkje.
Statens vegvesen loggar alle søk, og søket ditt blir synleg for den du søkjer på. Søkjehistorikken blir lagra i eit år og blir deretter sletta.
Sjekk kven som har søkt opp førarkortet ditt
Logg inn på Di side for å sjå kven som har søkt deg opp. Du får SMS frå Statens vegvesen første gongen det skjer.
Desse førarkortopplysningane blir viste:
- gyldige førarkortklassar (ikkje utløpsdatoar)
- avgrensing til automatgir (kode 78)
- rettskodar
- yrkessjåførkompetanse med utløpsdato (inkludert utgåtte)
Du får ikkje treff i tenesta når
- den du søkjer opp ikkje har førarkort
- førarkortklassen er gått ut
- førarkortet er beslaglagd eller inndratt
- eit gyldig førarkort har avgrensingar som kjem av helse
- personen ikkje lenger bruker fødselsnummeret eller d-nummeret du søkjer på
- førarkortet ikkje er utferda i Noreg
- førarkortet er bytt inn i utlandet
Atterhald i tenesta
Du kan søkje på inntil ti personar per døgn. Tenesta gir treff på gyldige førarkortklassar.
Informasjon om beslag, inndraging eller avgrensingar i førarretten som kjem av helse, er underlagd teieplikt og kan ikkje utleverast. Avgrensingar som kjem av helse, er førte på førarkortet i form av kode.
Du kan ikkje sjekke om den som eig førarkortet har ADR-kompetanse (farleg gods) eller utrykkingskompetanse.