Du kan oppleve feil eller nedetid i opptil 15 minutt på nettsidene våre onsdag 11. november kl. 18.00–23.00. Årsaka er vedlikehald. Vi beklagar ulempene det medfører.
Siste frist for å avbestille time til prøver for å unngå gebyr
Du må avbestille timen til tilrettelagd teoriprøve eller oppkøyring seinast nest siste vyrkedag, for å unngå gebyr.
Dersom du ikkje kan ta den tilrettelagde teoriprøva eller oppkøyringa du har bestilt, må du avbestille timen seinast nest siste vyrkedag før prøvedatoen for å unngå gebyr.
Vyrkedagar er måndag til fredag
Det betyr normalt at oppkøyringar som er bestilte på ein
- måndag, må avbestillast seinast torsdag
- tysdag, må avbestillast seinast fredag
- onsdag, må avbestillast seinast måndag
- torsdag, må avbestillast seinast tysdag
- fredag, må avbestillast seinast onsdag
Du kan avbestille på Di side heilt fram til klokka er 23.59.
Offentlege fridagar er ikkje vyrkedagar
Det vil seie at desse fridagane kjem i tillegg til dei to vyrkedagane.
Offentlege fridagar er:
- Påske: skjærtorsdag, langfredag og andre påskedag.
- Jul: første og andre juledag (25. og 26 . desember)
- Nyttår: første nyttårsdag (1. januar)
- Pinse: andre pinsedag
- Andre dagar som: Kristi Himmelfartsdag, 1. mai og 17. mai.
Dersom du til dømes har bestilt prøve til tysdag etter påske, må du avbestille prøva seinast tysdag i uka før for å sleppe å betale gebyr.
Dersom 17. mai er på en onsdag, og du har bestilt prøve til dagen etter, må du avbestille prøva seinast måndag for å sleppe å betale gebyr.
Du må betale full pris for prøva
Dersom du ikkje møter opp til den tilrettelagde teoriprøva eller oppkøyringa eller om du avbestiller timen etter fristen, må du betale full pris. Du må betale før du kan bestille ny prøve. Dette gjeld ikkje for deg som var under 18 år då du bestilte timen.
Sjå oversikt over priser for tilrettelagd teoriprøve og oppkøyring
Vart du sjuk på prøvedagen?
Har du fått legeerklæring på at du var sjuk på prøvetidspunktet kan du sleppe å betale. Send oss legeerklæringa saman med ein kort søknad om fritak frå gebyr.
Postadresse til Statens vegvesen