Løyveeksamen for gods- og persontransport
Du må ha bestått teoriprøva for førarkortklasse C1, D1, C eller D, og bestått løyveeksamen for å drive gods- eller persontransport i Noreg.
Løyveeksamen for gods- og persontransport tek du på ein av Statens vegvesens trafikkstasjonar.
Krav til kompetanse
Før du kan melde deg opp til løyveeksamen, må du vere innehavar av førarkort i klassane C1, D1, C eller D, eller minst ha bestått teoriprøva for ein av desse førarkortklassane.
Ved bestått løyveeksamen, er det dokumentasjon på at du har tilstrekkeleg fagleg kompetanse for å drive internasjonal transport mot vederlag.
Ved oppmøte må du
- vise gyldig legitimasjon
- betale for prøva
Løyveeksamenen består av to delprøver
Du må bestå og gjennomføre begge delar same dag. Prøva varer fire timar, to timar per delprøve.
- Delprøve 1 består av 40 spørsmål med fleire svaralternativ. Det er eitt rett svar på kvart spørsmål. Du må ha 80 prosent rett for å bestå eksamen.
- Delprøve 2 består av 20 spørsmål. Her er det også fleire svaralternativ på kvart spørsmål, men det kan vere fleire rette svar. Du må ha 60 prosent rett for å bestå eksamen.
Hjelpemiddel du kan bruke til eksamen
Før prøva startar for du utdelt tillatne hjelpemiddel:
- vegliste merka «Teoriprøve»
- kalkulator
- kladdeark for løyveprøver
- penn eller blyant
- lydstøtte på bokmål
Oversikt over tid, antall oppgaver og tillatte feil
Klassar | Tid i minutt | Tal på oppgåver/svaralternativ | Tillatne feil | Tal på rette alternativ |
---|---|---|---|---|
LOYVE, Transportøyve del 1 | 120 | 40/160 | 8 | Ett riktig svar per oppgåve |
LOYVECAS, Transportløyve del 2 | 120 | 20/120 | 48 | Fleire riktige svar per oppgåve |
Du får vite med ein gong om du har bestått prøva
Bestått prøve
Har du bestått løyveeksamen for person- og godstransport, er det krav om at du skal ha eit kompetansebevis som er gyldig innan EU/EØS.
Kompetansebeviset bestiller du på Di side.
Dokumentasjon ved søknad om løyve
Skal du søkje om løyve for person- og godstransport, innhentar løyvekontoret resultata frå din eksamen. Du treng ikkje leggje dei ved søknaden.
Ikkje bestått prøve
Om du ikkje består prøva, kan du få vite kva tema du svarte feil på, men ikkje dei konkrete spørsmåla.
Du kan melde deg opp til ny eksamen neste dag, men vi tilrår deg å jobbe meir med pensum før du tek prøva på nytt. Du må då gjennomføre ny eksamen i den delprøva du ikkje bestod, og betaler berre for henne.