Når du har søkt om førarkort kan du søkje om tilrettelagd teoriprøve.

Gjer klar gyldig dokumentasjon

Før du søkjar må du skaffa dokumentasjon som stadfestar behovet ditt for tilrettelegging. Dette kan til dømes vera frå logopeden eller fastlegen din.

Ver nøyaktig og følg alle stega

Sørg for at informasjonen du fyller ut er rett og at du har lagt ved dokumentasjon. Om ikkje kan det ta lenger tid å behandla søknaden din. Dei fleste får svar på søknaden innan to veker, men det kan ta opptil fire veker

Slik søkjer du frå ein pc

  1. Du må søkje om førarkort før du søkjer om tilrettelagd teoriprøve.
  2. Gå til Kontakt oss-sida vår og fyll ut personleg informasjon i skjemaet.
  3. Last ned søknadsskjemaet for tilrettelagd teoriprøve.
  4. Fyll ut søknadsskjemaet og lagre det på pc-en din.
  5. Last opp søknaden og dokumentasjon som stadfester at du har behov for tilrettelagt teoriprøve.
  6. Send inn søknaden.
  7. Etter at du har fått brev om innvilga søknad, må du bestille time til teoriprøva ved ein trafikkstasjon på Di side.

Skal du ha tilrettelagd teoriprøve med tolk?

Skal du ha teoriprøve med tolk må du opplyse om dette i bestillingsløysinga. Du må sjølv bestille godkjend tolk frå ei etablert tolketeneste og betale for tolken. 

Slik søkjer du om tilrettelagd teoriprøve på papir

Du må søkje om førarkort før du søkjer om tilrettelagd teoriprøve.

Last ned søknadsskjemaet 

Send søknaden til Statens vegvesen

Fyll ut søknadsskjemaet, og send det saman med dokumentasjon frå for eksempel fastlege eller logoped til:

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer 

Bestill time

Etter at du har fått brev om innvilga søknad, må du bestille time til teoriprøva ved ein trafikkstasjon på Di side.

Tilrettelagd teoriprøve