Treng du ekstra støtte for å gjennomføre teoriprøva? Du kan søkje om å ta prøva munnleg saman med ein sensor på eit eige rom.

Før du søkjer om tilrettelegging

  • Du må ha søkt om førarkort først. Det gjer du på Di side.
  • Du må ha dokumentasjon som viser at du treng støtte for å gjennomføre ei teoriprøve. Dokumentasjonen kan vere frå fastlegen, logoped, pp-tenesta, ein lærar eller andre som kan uttale seg om dette.
  • Har du tidlegare fått innvilga tilrettelagd teoriprøve? Du treng ikkje søkje på nytt dersom du skal utvide førarkortet til ein ny klasse.

Vi tilbyr også støtte til å gjennomføre ordinær teoriprøve

Du kan be om hovudtelefonar og få oppgåvene opplesne på norsk. Du kan også be om 15 minutt ekstra tid til prøva. Du treng ikkje søkje på førehand. Les meir om ordinær teoriprøve.

Søk om tilrettelagd teoriprøve

Logg inn for å søkje

Kven passar dette for?

Tilrettelagd teoriprøve er for deg som treng ekstra støtte for å gjennomføre teoriprøva. Dette kan til dømes vere fordi du har lese- og skrivevanskar eller ADHD. Du må ha dokumentasjon som viser at du treng støtte for å gjennomføre ei teoriprøve. 

Slik går prøva føre seg

Ved ei tilrettelagd teoriprøve sit du saman med ein sensor i eit eige rom og tar prøva munnleg. Prøva vil bli tilpassa til deg og dei behova du har, men målet er at sensor skal hjelpe deg å forstå spørsmåla og svaralternativa.  

Teoriprøva på engelsk

Enkelte trafikkstasjonar tilbyr tilrettelagd teoriprøve på engelsk. Finn du ikkje den lokale trafikkstasjonen din på lista, men treng å ta prøva på engelsk, kan du søkje om tilrettelagd teori med tolk.

Trafikkstasjonar i aust

Trafikkstasjonar i sør

Trafikkstasjonar i midt

Trafikkstasjonar i vest

Trafikkstasjonar i nord

Kan du ikkje søkje digitalt?

Dersom søknaden gjeld ADR, drosje eller utrykking kan du ikke søkje på Di side. Du må søkje ved å fylle ut eit søknadsskjema på papir og sende det via post. Ikkje send søknaden til oss på e-post, sidan han inneheld sensitive opplysningar om deg.

Fyll ut søknadsskjemaet

Send søknaden til Statens vegvesen

Fyll ut søknadsskjemaet, og send det saman med dokumentasjon til:

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer 

Tilrettelagd teoriprøve