Ved ei munnleg (tilrettelagd) teoriprøve sit du saman med ein sensor i eit eige rom.

Du får hjelp av sensor

Ved ei munnleg teoriprøve (tilrettelagd teoriprøve) sit du saman med sensor på eit rom. Prøva vil bli tilpassa deg og dei behova du har, men målet er at sensor skal hjelpe deg å forstå spørsmåla, slik at det skal bli lettare for deg å svare.

Du må leggje ved dokumentasjon når du søkjer

Når du søkjer om tilrettelagd teoriprøve må du leggje ved dokumentasjon. Det kan vere frå fastlegen din, logoped eller andre som kan stadfeste at du treng tilrettelegging.

Språk som teoriprøva er tilgjengeleg på

  • Du kan ta teoriprøva for bil (klasse B) på bokmål, nynorsk, samisk, engelsk, arabisk (MSA), sorani og tyrkisk.
  •  Teoriprøva for tunge klassar er berre tilgjengeleg på norsk. Tunge klassar er lett lastebil, lastebil, minibuss eller buss (klasse C1, C, CE, D1 eller D).

Du kan søkje om å bruke tolk om du synest det er vanskeleg å forstå språka som teoriprøva er på.

Trafikkstasjonar med tilbod om engelsktalande sensor

Trafikkstasjonar i aust

  • Hønefoss trafikkstasjon
  • Kongsvinger trafikkstasjon
  • Lillestrøm trafikkstasjon
  • Risløkka trafikkstasjon

Trafikkstasjonar i midt

  • Molde trafikkstasjon
  • Steinkjer trafikkstasjon
  • Trondheim trafikkstasjon
  • Ålesund trafikkstasjon

Trafikkstasjonar i vest

  • Bergen trafikkstasjon 
  • Haugesund trafikkstasjon

Når du har søkt om førarkort kan du søkje om tilrettelagd teoriprøve

Dei fleste får svar på søknaden sin innan to veker, men det kan ta opptil fire veker.

Slik søkjer du om tilrettelagd teoriprøve

Sist oppdatert:

Tilrettelagd teoriprøve