Det blir stilt krav til alder, helse og førarrett for å ta opplæringa. Du må dokumentere at du har arbeid som krev utrykkingskøyring.

Før du kan starte opplærina

Du må

  • ha fylt 20 år
  • oppfylle helsekrava for førarkortgruppe 3 med kompetansebevis
  • ha hatt førarrett for personbil klasse B samanhengjande dei siste 2 åra
  • dokumentere arbeidsforhold eller frivillig arbeid som krev utrykkingskøyring

Du må levere originalversjonen av helseattesten

Nokre legar kan sende helseattest digitalt. Om ikkje fastlegen din tilbyr dette, må du anten levere eller sende den originale helseattesten til den lokale trafikkstasjonen din.

Du må bestille time hos ein lege for å få helseattest. I nokre tilfelle må du også levere synsattest frå ein optikar eller augelege. Dette avklarer du med legen din.

Helseattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader når vi tar imot han. 

Du får ei stadfesting på SMS og e-post når vi har registrert helseattesten. Du kan også sjå på Di side at han er registrert.

Opplæring

Du må gjennomføre obligatorisk opplæring for utrykkingskøyring, og bestå teoriprøve og oppkøyring. Opplæringa tar du hos ein godkjend kursarrangør.

Teoriprøve

Du kan ta teoriprøva for utrykking når helseattesten er registrert hos Statens vegvesen og  du har gjennomført opplæringa til og med trinn tre. Kursarrangøren må ha meldt inn opplæringa til Statens vegvesen.

Du må bestille time til teoriprøva

Prøva tar du på ein trafikkstasjon. Ved oppmøte må du vise gyldig legitimasjon og betale for prøva.

Bestill time

Om du strauk på teoriprøva

Du kan køyre opp sjølv om du strauk på teoriprøva. Då må du bestå teoriprøva innan tre månader etter at du har bestått oppkøyringa. Om du ikkje gjer det, må du ta oppkøyringa på nytt.

Oppkøyring

Det er kursarrangøren som bestiller oppkøyring for deg.

Du kan ta oppkøyring for utrykking når du har avlagt teoriprøva og gjennomført all obligatorisk opplæring. Kursarrangøren må også ha meldt inn opplæringa til Statens vegvesen.

Ved oppmøte må du vise gyldig legitimasjon og betale for prøva. Når du har gjennomført opplæringa og bestått prøvene, får du utferda eit nytt førarkort med kode 160.