Dette må du hugse på
Vi har laga ei liste med viktige ting å tenkje på når du skal avregistrere køyretøyet ditt.
Viktig å tenkje på ved avregistrering av køyretøy
- Køyretøyet skal ikkje brukast frå den augeblinken det er avregistrert.
- Når køyretøyet blir avregistrert, blir det automatisk uforsikra.
- Bruk av uforsikra køyretøy kan medføre gebyr eller sanksjonar og eigar/sjåfør kan bli økonomisk ansvarleg dersom køyretøyet forårsakar skade.
- Køyretøyet må plasserast forsvarleg og låst, og kan ikkje stå på gate/veg, plass eller andre stader der allmenta kan ferdast.
- Alle som avregistrerer køyretøya sine, må informere andre som også har tilgang til køyretøyet.
- Vi anbefalar at du tar skilta av køyretøyet og lagrar dei på ein eigna stad slik at ingen ubevisst nyttar det avregistrerte og uforsikra køyretøyet ditt.
- Hvis køyretøyet har to eigarar og skal avregistrerast, må begge eigarane godkjenne avregistreringa innan 10 dagar, anten på Di side eller på ein trafikkstasjon. Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon.