Det er viktig at dekka dine er i god stand, og tilpassa køyretøyet og føret same kva årstid det er.

Som sjåfør er du ansvarleg for at køyretøyet har tilstrekkeleg veggrep, heile året. Hugs at riktig merking og mønsterdjupleik på dekka ikkje er ein garanti for godt nok veggrep. 

Kva mønsterdjupleik er kravet kva tid?

Krava til mønsterdjupleik på dekka er ulike på sommar- og vinterstid.

På vintertid, frå 1. november til og med første søndag etter 2. påskedag, er det krav om å ha minimum 3 millimeter mønsterdjupleik. Kor lenge kravet gjeld vil derfor variere noko frå år til år, alt etter når påsken er det året.

For Nordland og Troms og Finnmark gjeld kravet til minimum 3 millimeter mønsterdjupleik frå og med 16. oktober til og med 30. april.

På sommartid, frå første søndag etter 2. påskedag til 1. november, skal mønsterdjupleiken på dekka vere minimum 1,6 millimeter. Du kan ikkje bruke sommardekk på vinterføre, fordi sommardekk ikkje har tilstrekkeleg veggrep på is og snø.

Dersom det er nødvendig for å sikre tilstrekkeleg veggrep, må bilen ha vinterdekk med eller utan piggar, kjetting eller liknande – også utanfor tidsperiodane nemnde ovanfor. 

Det er eigne krav til mønsterdjupleik og vinterdekk for køyretøy over 3 500 kg.

Når kan du bruke piggdekk?

Piggdekk kan berre brukast frå og med 1. november og til og med første søndag etter 2. påskedag. I Nordland og Troms og Finnmark kan piggdekk berre brukast frå og med 16.oktober til og med 30. april. 

Dersom føret krev det, er det tillate å bruke piggdekk og kjetting utanom desse datoane. Bruker du piggdekk, skal køyretøyet ha piggdekk på alle hjul.

Piggfrie vinterdekk kan du bruke heile året.

Krav til dekka på tilhengjaren

Køyrer du med tilhengjar, er det same krav til mønsterdjupleiken på dekka på tilhengjaren som på køyretøyet.