Skilt
Her finn du informasjon om korleis du bestiller skilt, kva du gjer dersom skiltet er skadd eller fråstole, eller du ønsker å avregistrere køyretøyet.
-
Bestill skilt
Er skilta skadd, vanskeleg å lese eller du har kjøpt eit avregistrert køyretøy? Du bestiller nye skilt på Di side.
-
Personleg skilt
Du kan søkje om å få skilt med ein kombinasjon av bokstavar og tal som du sjølv har valt, viss du er over 18 år og eig køyretøyet skiltet skal brukast på.
-
Stolne eller mista skilt
Skilt på avvegar kan bli misbrukte. Du må melde skilt tapt til politiet og få godkjent dokumentasjonen hos Statens vegvesen før du skaffar deg nye skilt.
-
Bestill prøveskilt
Skal du prøvekøyre eit køyretøy som ikkje er registrert, flytte det, eller køyre det i samband med reparasjon eller fortolling må du bruke eit prøveskilt.
-
Søk om lite skilt / US-skilt
Du kan søkje om å få lite skilt / US-skilt til bilen din dersom det ikkje er plass til å montera dei ordinære skilta.
-
Skiltseriar
Eit registreringsnummer består av ein bokstav- og talkombinasjon og baserer seg ofte på kva for ein trafikkstasjon som har utferda registreringsnummeret.
-
Av- og påregistrering
Du kan sjølv avregistrere og registrere køyretøyet ditt på Di side når du ønskjer det.
-
Sjekk køyretøyopplysningar
Søk på registreringsnummer og få tekniske opplysningar om vekt, dimensjonar, dekk og eventuell frist for godkjend EU-kontroll.