Du kan søka om å få lite skilt / US-skilt til bilen din dersom det ikkje er plass til å montera dei ordinære skilta.

For å søka om lite bilskilt må:

  • det vera fysiske forhold ved bilen som gjer det vanskeleg å montera og bruka store bilskilt
  • eit stort kjennemerke vera til hinder for normal bruk av bilen

Rene estetiske forhold skal som eit utgangspunkt ikkje vera grunnlag for å få eit lite skilt.

Slik søkar du

Du søkar ved å fylla ut Søknad om tildeling av lite skilt / US-skilt til bil og senda det saman med bilde av bilen til oss. Bilda skal gi grunnlag for ei vurdering av om bilen oppfyller vilkår for å kunna tildelast og bruka eit lite skilt / US-skilt.

Krav til bildedokumentasjon:

  • Bilda må ha ei god oppløysing
  • Bilde av bil skrått framanfrå
  • Bilde av bil skrått bakfrå motsatt side
  • Bilde av avsett plass for skilt foran og bak
  • Bilde av understellnummer

Blir bilen godkjent for lite skilt / US-skilt kan du dra til ein trafikkstasjon for å få nye skilt. Sjekk først om trafikkstasjonen har ønskt skiltstorleik på lager eller om det må bestillast først.

Bestill time når du skal hente skilt, så slepp du å vente på trafikkstasjonen.

Viss bilen allereie er registrert i Noreg må du bestilla erstatningsskilt i riktig storleik

Priser

Prisen på eitt skilt er 60 kroner, eitt sett på to skilt kostar 120 kroner. 

Leveringstid

Om skilta må bestillast først tar det frå to til fem virkedager før du kan henta dei på trafikkstasjonen. 

Eksemplar på bildedokumentasjon 

Bilde av bil skrått forfra
Bilde av bil skrått forfra. Foto: Statens Vegvesen
Bilde av bil skrått bakfra
Bilde av bil skrått bakfra. Foto: Statens Vegvesen
Bilde av avsatt plass for skilt
Bilde av avsatt plass for skilt Foto: Statens Vegvesen
Sist oppdatert: